Kameratgjengen frå Herøy fekk ei dramatisk oppleving like etter at limousinen dei sat i var komen ut av Eiksundtunnelen seint onsdag kveld.

-Det var skremmande, og det skjedde ganske fort. Vi køyrde med ope vindauge og merka ikkje lukt eller noko, før sjåføren stoppa og ropte «Kom dokke ut. Kom dokke ut», fortel Ole-Martin Hodneland.

Flammane stod opp

Då Hodneland opna døra for å kome seg ut, stod flammane opp frå bilen. Til alt hell kom alle i bilen seg velberga ut av bilen og fekk varsla naudetatane.

- Kva tenkjer du om at brannen her lett kunne ha oppstått nede i tunnelen?

- Eg vil ikkje tenkje så mykje på det. Vi fekk sjokk alle saman, seier Hodneland.

Hadde vore på kontroll

Dei sju kameratane hadde saman med tre foreldre vore og henta den eldre limousinen som dei tenkte å bygge om til russebil.

- Vi merka ingen ting før brannen. Heller ikkje dei to andre bilane i følgjet vårt merka noko til brannen på førehand, fortel Hodneland.

Bilen hadde ifølgje Hodneland vore på verkstad for kontroll før på dagen.

- Det var ikkje lenge vi køyrde før det tok fyr, og då hadde bilen nettopp kome gjennom test på ein godkjend bilverkstad, konstaterer Hodneland som ikkje kan seie noko om årsaka til brannen.

Skal ikkje stoppe russetid

Han fortel at kameratane før den dramatiske brannen sat og snakka og var glade for at dei hadde fått seg limousin, som dei hadde god tid på seg til å bygge om til russebil.

No blir det endra planar, men kameratgjengen har i alle fall tenkt at hendinga ikkje skal få stoppe dei frå å ha ei kjekk russetid.

Sju skuleelevar hadde gått saman om å kjøpe ein limousin til russebil. Etter få kilometer enda turen i ein dramatisk brann på Eiksundbrua. Foto: Carl-Henrik Moltumyr