– På eit tidspunkt vart eg kraftlaus og redd. Eg måtte mykje lenger ut i vatnet enn eg hadde tenkt.

Dette seier Jonas Myrseth (21) frå Spjelkavik etter redningsdåden i Volda seint torsdag ettermiddag. Ein laushund hadde jaga ned fleire sauer frå høgt oppe i fjellsida. Det enda med at han pressa eit lam ut i vatnet og heldt fram forfølgjinga - symjande etter det forskremde dyret.

Naud

Akkurat då dette skjedde, i Rotevasstranda ved Vassbotnen,  kom Jonas Myrseth og sambuaren tilfeldigvis forbi. Dei forstod ikkje straks kva som skjedde.

– Først trudde eg det var to hundar som bada i lag. Men brått såg eg at den eine var ein sau. Og at han verkeleg var i naud, fortel Jonas Myrseth. A-lagsspelaren for Volda går for tida skadd, og skulle ha ein roleg tur kring vatnet. Dette endra seg på ein augneblink.

Vart redd

– Instinktivt forstod eg at eg måtte gripe inn, om ikkje lammet skulle omkome, fortel Myrseth. Han sparka av seg skoa og kasta seg i vatnet med kleda på. Hunden rømde til lands, medan lammet symde stadig lenger ut. På eit tidspunkt måtte Myrseth nærast symje om kapp med lammet for å kome forbi det.

– Brått oppdaga eg at eg vart nummen og utmatta. Eg angra på heile manøveren og måtte tenkje mest på å berge meg sjølv.

– Men akkurat då kom eg meg rundt lammet, fekk roa ned litt og kunne fylgje det til lands, fortel ein utmatta og framleis prega Jonas Myrseth.

Sjeleglad

Ved land venta saueeigar Ragnar Aarflot og  fleire andre. Etter kvart også politiet. Lammet hadde svalt mykje vatn, men kom til hektene etter ei stund. Derimot mangla morsauen det andre lammet sitt. – No er eg berre sjeleglad for at Jonas ikkje sette livet til i sin vilje med å redde eit saueliv. Dette vart langt meir dramatisk enn nokon kunne tenkje, seier saueeigar Ragnar Aarflot. Han må no umiddelbart til skogs for å finne ut om der finst fleire angripne sauer.

– Eg har alt fått spørsmål frå politiet om eg vil krevje hunden avliva. Det har eg ikkje teke stilling til no.

– Det store problemet er urbaniseringa som gjer at folk trur dei kan sleppe hunden fri.