Politiet på Sunnmøre har lagt vekk etterforskninga i saka der ei seks år gamal jente meinte ho var trua av ein mann i Skodje sentrum.

Det opplyser Sunnmøre politidistrikt i ei pressemelding fredag.

– Då politiet vart varsla om hendinga, vart alle spor og tips straks følgde opp. Vi har også hatt inne fleire til avhøyr, men det har ikkje vore nokon som er konkret mistenkt i saka. Til sjølve hendinga meldte det seg ikkje vitne, seier politifullmektig Magne B.G. Kvalvik i pressemeldinga.

Kvalvik opplyser til smp.no at politiet ikkje har nokon grunn til å tvile på jenta sin forklaring. Jenta skal ha vore på besøk i Skodje saman med faren den aktuelle dagen.

– Etter avhøyr og grundige undersøkingar har ikkje politiet noko meir å gå på, når det gjeld å finne ein gjerningsmann, heiter det i pressemeldinga.

Familien til jenta er orientert om avgjerda.