Sjølv om vegen gjennom Hornindal er Sogn og Fjordane fylkeskommune sitt ansvar, har samferdselsutvalet i Møre og Romsdal no gjort eit vedtak som inneber at planarbeidet kan halde fram.

– Møre og Romsdal tek ansvar for at fylkesveg 60 på strekninga Røyrhus- Tomasgard blir regulert. Det betyr at vi tek styringa, seier Frank Sve (Frp).

Gjør som over 23.000 andre - følg smp.no på Facebook

Flytta nedover på lista

Deler av planområdet ligg i Stranda kommune, men det meste er i Hornindal.

Etter at fylkestinget i Sogn og Fjordane flytta fylkesveg 60 i Hornindal nedover på prioriteringslista, stoppa også arbeidet med reguleringsplan for ny veg.

Etter forslag frå Sve ber no eit samrøystes samferdselsutval i Møre og Romsdal fylkesadministrasjonen og Statens vegvesen sørge for at reguleringsplanarbeidet for ny fylkesveg 60 gjennom Hornindal vert gjennomført snarast råd. Dette må skje i samarbeid med kommunane Hornindal og Stranda, samt Statens vegvesen, region midt/vest.

Ein føresetnad er at Stranda og Hornindal kommune må bidra økonomisk til reguleringa, og ein viser blant anna til at Hornindal kommune har løyvd to millionar kroner til dette.

Gløymer berre Sogn og Fjordane

Sve sin partifelle, samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen var nyleg på Stranda, og han blei orientert om vegen og mangel på samhandling over fylkesgrensa.

– At Sogn og Fjordane har meldt seg ut her, må vi ta til etterretning. Dei er ikkje interessert i å bygge veg, så då kan vi berre gløyme dei. Men vi kan ikkje sitje og sjå på at ein slik viktig veg inn og ut av Møre og Romsdal blir verande ein skammens veg, seier Sve som synest det er ufatteleg at Sogn og Fjordane ikkje vil prioritere vegen.

I Møre og Romsdal blir fylkesveg 60 rekna som ein klasse A-veg. Det vil seie ein svært viktig veg som får høgste prioritet.

– Men på grensa mot Sogn og Fjordane møter vi ein fylkeskommune som ser heilt annleis på det, og det er ille, seier Sve.

Staten vil ta over vegen

Møre og Romsdal fylkesting har ifølgje Sve også eit vedtak om forskottering av vegen. Sogn og Fjordane har på si side sagt nei til dette.

– Vi har fire vegar inn og ut av fylket som vi meiner staten skal ta over. Det vil dei gjere i 2017. Då kan vi forskottere og kome i gang med bygging, seier Sve som trur det er mest realistisk at det blir vegbygging i Hornindal i 2018.

Og då må reguleringsplanen vere ferdig.

Sve viser til at det også ligg mykje steinmasse lagra, frå tunnelarbeidet på Ljøen. Massen skal brukast til ny fylkesveg 60.

– Det ligg eit berg av tunnelmasse, og så maktar ikkje fylkeskommunen å utnytte denne. Det er ikkje skamlaust, seier Sve som også har inntrykk av at dette er noko statsråden er einig i. Det handlar om å få mest muleg veg for pengane.

Kan bli OPS-prosjekt

Sve meiner også det ligg til rette for OPS når det skal byggjast ny veg i Hornindal. Det vil seie eit offentleg/privat samarbeid.

- No er det få prosjekt som skal byggjast i området, og vi kan samarbeide med store entreprenørar. Eit privat selskap eig og byggjer prosjektet og leiger det ut til staten, seier Sve og legg til at Møre og Romsdal fylkeskommune kan forskottere leiga i mange år.

Indre snarveg

Sve trekkjer også fram at fylkesveg 60 er ein del av det som ofte blir kalla "den indre snarveg" for dei som køyrer nord-sør på Vestlandet.

– Ein viktig grunn til at indre linje for E39 blei vald, var den utbygginga ein ser på fylkesveg 60 og i Ørskog. Eg trur det var det som gjorde at ein landa på indre, seier Sve.

Han viser også til at strekninga Røyr-Hellesylt snart er ferdig rassikra og opprusta. Dessutan blir det nye ferjekaier for mellom 100 og 150 millionar på Stranda og i Liabygda. Då kan ein ikkje la vegen gjennom Hornindal stå att som ein flaskehals.

<strong>OPPGITT:</strong> Frank Sve har mista all tillit til Sogn og Fjordane fylkeskommune når det gjeld fv. 60.