Frank Sve (Frp) sa i dag til Sunnmørsposten at Sogn og Fjordane «har meldt seg ut» og at dei «er ikkje interessert i å bygge veg, så då kan vi berre gløyme dei».

Sve sa vidare at det var «ufatteleg at Sogn og Fjordane ikkje ville prioritere» fylkesveg 60, som er flytta nedover på prioriteringslista.

Sve seier at arbeidet med ny fylkesveg 60 i Hornindal kan starte opp i 2018, med Møre og Romsdal bak roret.

– Alt ligg også til rette for at dette kan bli eit OPS-prosjekt, seier han.

Pengekrise

Arnstein Menes (Sp), leiar i samferdselsutvalet i Sogn og Fjordane, erkjenner at Sogn og Fjordane fylkeskommune er i ein svært krevjande økonomisk situasjon.

– Det er berre løyvd 50 millionar årleg til investeringar på fylkesvegane våre i komande periode, fortel Menes.

Han seier det blir vanskeleg å få realisert noko vesentleg rundt fylkesvegane på grunn av økonomien.

– Vi kjem til å ha 250 millionar mindre årleg frå og med 2019, held leiaren fram.

– Kvifor?

– Dette er på grunn av inntektssystemet regjeringa har lagt opp til, der Sogn og Fjordane kom svært dårleg ut. Poenget er at systemet favoriserer folkerike område. Folketal er vekta opp, og totale kilometer veg er vekta ned.

– Dette er bevisst politikk frå Høgre og Frp. Frank Sve må gjerne seie at han vil ta ansvar, og vi er positiv til at Møre og Romsdal vil bruke pengar på vegane våre, men det er Sve sin eigen politikk som har sett oss i denne situasjonen, meiner Menes.

Sogn og Fjordane har eit etterslep på vedlikehald på fylkesvegnettet sitt på 3-4 milliardar kroner.

Prioriterte ned Hornindal

Fylkestinget flytta før jul i fjor ned FV 60 på prioriteringslista. Vegen har stått som nummer tre etter to store utbyggingar - Bremanger to og Innvik - Olden.

Fylkestinget omprioriterte og sette Kystvegen mellom Måløy og Florø framfor Hornindal.

Nedprioriteringa kutta også ut det arbeidet Vegvesenet hadde starta med reguleringsplan. Når planane ikkje blir klare, så er ein ikkje klare til å begynne når staten overtek. Difor kan Sve sitt forslag få fart på vegen.

– Har ikkje Frank Sve eit poeng her, Menes?

– Vi gjorde ei omprioritering og såg at reguleringsarbeidet kunne bli for gammalt - derfor stoppa vi det. Arbeidet kunne vi risikere og måtte ta opp igjen seinare. Litt av poenget til Sve er vel at staten skal inn og overta ansvar for dei mest trafikkerte fylkesvegane. Dette er lansert i seinare tid, og er heller ikkje ferdig diskutert i Sogn og Fjordane. Det ligg heller ikkje eit forslag på det frå regjeringa, men det kan jo vere ein måte å få realisert vegane på.

– Kvifor prioriterte fylkestinget ned FV 60 i Hornindal ?

Det var på grunn av eit massivt krav frå kysten i Sogn og Fjordane om å gjere noko med Måløy - Florø.

Les også: Les om forslaget til Sve

– Håplaust

Frank Sve (Frp) kallar skuldingane frå SP sin leiar i samferdselsutvalet for aldeles håplause.

– Deira totalt uforståelege og meiningslause omprioritering hadde ingenting med økonomi å gjere, dei prioriterte då heller prosjekt som var monge gongar dyrare, seier Sve.

Han minner samstundes Menes om at det fram til 16. oktober i 2013 var Senterpartiet som hadde kommunal- og regionalminister, Liv Signe Navarsete.

– Men alt den 8. april i 2013 slutta Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane, som planutval, seg til desse føringane: "Frå 2014 skal dei statlege overføringane til fylkesvegane fordelast etter objektive kriterium i inntektssystemet. Kommunal- og regionaldepartementet tek sikte på å leggje fram nytt system for fylkeskommunane i kommuneproposisjon 2014. Det er grunn til å tru at Sogn og Fjordane vil vere eitt av dei fylka som får stor nedgang i overføringane. Proposisjonen blir lagt fram i mai." siterer Sve.

Han meiner ansvaret med å ikkje legge fram nytt inntektssystem ligg hos Navarsete.

– Og sidan ein reguleringsplan er gyldig i 10 år, fortel det vel litt om kor lenge enkelte faktisk har tenkt å vente med å gjere noko mellom Grodås og Røyrhus, seier Frp-politikaren.