Sunnmøre politidistrikt melder at det har vore ei ulykke der ein lift har velta i Ørsta litt før klokka 18.30 fredag kveld.

- Ein person er skada. Uklart skadeomfang, melder politiet.

Nødetatane er på veg til staden.

Smp.no sin reportar på staden seier ulykka har skjedd ved eit bustadhus i Ørsta sentrum.

- Ein person blir flydd fra staden i ambulansehelikopter.

Politiet opplyser at den skadde, ein mann i 50-åra, jobba i eit firma som vaska hustak.

- Mannen har hodeskadar. Kriminalteknikar er på veg og arbeidstilsynet er varsla.