Under prøvefiske i Ørstaelva laurdag vart det fleire rømte oppdrettsfiskar. Det fortel Sindre Moe, som er grunneigar og representant for Ørsta Jeger og Fiskarforeing.

– Vi fekk ein del rømt oppdrettslaks på mellom tre og fire kilo. Under fisket i går vart det tatt åtte fiskar, både laks og ein regnbogeaure, seier Moe.

Han var ein av fire fiskarar som var oppe i elva i går. Også søndag morgon fekk han rømt fisk i elva. Også tidlegare i september har fiskaren sett mykje regnbogeaure i elva.

– Totalt har vi nok fiska rundt 37-38 rømte regnbogeaure i september, anslår han.

– Trist

– Dei tidlegare åra har det vore stille, 2013 og 2014 var fine år nesten utan rømt fisk, men no har det kome att. Det er ikkje noko kjekt. Det er trist, for å seie det rett ut. Det skal mykje arbeid til for å sile ut att den rømte fisken.

Han fortel at fiskarane har varsla Fiskeridirektoratet tidlegare i september, og at dei kjem til å varsle på ny om laksen dei fanga i helga. Moe kjenner ikkje til kor den rømte fisken kjem frå.

Sindre Moe ( t.v.) og Tor Åsen med oppdrettsfiskar tatt i Ørstaelva. Den minste fisken er ein regnbogeaure, dei andre er laksar på 2-4 kilo. Foto: Svein Aam