Den siste veka er det fiska mykje oppdrettslaks i Ørstaelva. No har grunneigarane og jeger og fiskarforeininga i Ørsta tatt i bruk kastenot for å kunne fiske meir effektivt etter den rømde laksen. Foreninga bruker denne metoden også når dei fiskar stamfisk i osen av elva. Kastinga torsdag kveld førde til fangst av i alt 19 oppdrettslaksar.

- Og det er meir i osen, for det hoppar heile tida. Så vi vil nok halde fram med kastinga, seier Sindre Moe i Ørsta Jeger og Fiskarforeining.

Les også: Minst ti gonger fleire fisk på rømmen

I alt er det fiska 72 oppdrettslaksar i Ørstaelva frå søndag til torsdag. Den einaste rømminga det er meldt om i området er frå Marine Harvest sitt anlegg på Voldneset ved Leikong. Selskapet rapporterte først rømming av 10-20 fiskar frå ei merd i samband med avlusing av fisk 9. september. Seinare er talet på rømde fisk oppjustert til 250.

Fisken i den aktuelle merda hadde ei snittvekt på 3,2 kilo, men oppdrettsfisken som er tatt i Ørstaelva er på mellom eitt kilo og seks kilo.

- Eg har aldri høyrt om at det går fisk frå eitt til seks kilo i ei og samme merd, seier Sindre Moe.

Meir om saka: Rømt fisk truleg frå Marine Harvest-anleggMiljøvernforbundet melder lakserømming til politietFekk rømt laks i Ørstaelva

Seksjonssjef Ole Einar Jakobsen ved Fiskeridirektoratet sitt regionkontor i Møre og Romsdal seier at dei no jobbar med å få oversikt over kva som er fiska av rømt oppdrettsfisk.

- Vi samlar inn prøver og skal sende dei vidare til Havforskingsinstituttet, som skal bruke DNA-analyse for å prøve å finne ut kvar den kjem frå, seier Jakobsen.

- Fisken i Ørstaelva er frå eitt til seks kilo. Kva tyder det på?

- Det er uvanleg stor variasjon, så det kan tyde på at det er fisk som kjem frå ulike anlegg. Det kan vere fisk som har gått i sjøen ei stund, og som dermed stammar frå tidlegare rømmingar, seier Jakobsen.

Medemmer frå Ørsta Jeger og Fiskarforening kastar etter rømt oppdrettslaks i osen av Ørstaelva. Foto: Svein Aam