Arbeidet med taubane i Loen, Hoven-utbygginga, er i gang. Kapitalen som trengs for å fullføre prosjektet er så godt som på plass.

- Vi er ikkje heilt på hundre millionar kroner, men langt oppe på 90-talet, og vi reknar med å få inn meir, seier styreleiar Leif Riksheim i Hoven Loen AS.

Illustrasjonen viser korleis taubana frå Loen til Hoven vil kunne ta seg ut.

Les meir om prosjektet her

Flest lokale investorar

Hotel Alexandra er inne med 35 millionar kroner i selskapet. Nordfjord Kjøtt har gått inn med 20 millionar og Stryn kommune med 12,5 millionar kroner.

- Dette ser lovande ut. Det er fantastisk at eit lokalmiljø klarer å kome opp med så mykje eigenkapital, seier Riksheim og legg til at dei fleste investorane er lokale eller har sterk lokal tilknyting.

Frå Sveits

Denne veka er to representantar frå den sveitsiske leverandøren av pendelbana på plass i Loen. Tysdag kveld signerer dei avtale om å selje ei pendelbane, til nær åtte millionar sveitsiske franc. Det vil seie om lag 70 millionar norske kroner, med dagens kurs.

Leverandøren vurderer også å gå inn med kapital i prosjektet.

- Vi er veldig imponert over prosjektet, seier Peter Baumann, sals- og marknadsdirektør i Doppelmayr Garaventa.

- Dette er eit flott prosjekt. Det tekniske skil seg ikkje ut frå andre stader, men det spesielle er at her kan ein kome med cruiseskip rett frå fjorden og ein kan sjå til breen. Det er ikkje berre utsikta, seier kollegaen Sebi Lüönd.

Styret i konsernet avgjer

Doppelmayr Garaventa-gruppa har 2.500 tilsette og ei omsetning på 850 millionar euro årleg.

Meir å lese under bildet

Anleggsarbeidet på fjellet Hoven i Loen er godt i gang. Foto: Anne-Mari Tomasgard

Baumann meiner prosjektet i Loen er svært profesjonelt og at dei har ein svært god forretningsplan. Om det sveitsiske konsernet skal gå inn med kapital, blir no tema i styret. Avgjerd blir teke i oktober.

Baumann vil ikkje røpe kva som blir tilrådinga til styret.

- Vi ser på mulegheitene, og det gjer vi berre viss vi ser at det er ei god investering, seier han.

Ventar 65.000 turistar

Arbeidet med prosjektet i Loen er i gang, og målet er å opne anlegget i mai 2017.

Budsjettet for første året er 65.000 besøkjande. Til samanlikning har Briksdalen 300.000 besøkande kvar sommar.

Bana i Loen vil få to kabiner, med 45 plassar i kvar. Det finst ingen nye slike baner i Norge frå før, men Ulriksbanen i Bergen er av liknande type. Dessutan får Tromsø ei ny bane av same type.

Dagleg leiar Richard Grov har hatt tru på prosjektet frå dag ein. No gler han seg over at ein endeleg er i gang.

-Det er spesielt, og eg er stolt at vi no er i gang. Det er ei god kjensle, og det blir spennande med anleggsperioden framover, seier Grov.

Entusiasme

Styreleiar Leif Riksheim rosar Grov for innsatsen.

- Han blir driftkrafta framover. Utan kombinasjonen her med Hotel Alexandra hadde ikkje prosjektet vore muleg, seier Riksheim.

Grov understrekar at det har vore eit lagarbeid frå første dag.

- Entusiasmen har vore motiverande. Det har heile tida vore oppbakking av folk som seier at dette har vi tru på, seier Grov.

Og han legg til:

- Det er alltid gode idear som kjem gjennom. Viss ein har gode idear, så blir dei realisert.