- Dette er det første marine proteinet som er lukt og smakfritt, seier dagleg leiar Hogne Hallaråker i Arctic Nutrition.

Dermed opnar det som opp ein hav av mulegheiter for å tilsetje pulveret i ulike matvarer.

- Vi har til dømes ein amerikanske kunde som har pulveret i brownies, fortel Hallaråker.

- Slankande

Romega, som varemerket heiter, kan og takast i konsentrert form.

- Marine protein har ein restituerande effekt, og det har gunstig påverknad på balansen mellom feitt og muskelmasse. Dermed er det også vektreduserande, forklarer Hallaråker.

Pulveret er alt lansert i Malaysia, og har fått god mottaking der.

- I Asia er dei veldig opptekne av at vi bruker fisk og fiskeprodukt som råstoff. Og når det kjem frå reine farvatn i Norge er det lettare å selje, seier Hogne Hallaråker.

- Lukt og smakfritt

I neste veke reiser han til Las Vegas, på ei av dei største messene i verda for ingrediensindustrien.

- Vår metode gjer at pulveret er lukt og smakefritt, samstundes som alle protein er intakte. Du får proteinet slik som det er frå naturen si side, seier Hogne Hallaråker.

Lokale investorar

Arctic Nutrition vart skipa i 2011, har fleire lokale investorar. Utviklinga skjer på laboratioret i Hovdebygda, medan produksjon skjer på kontinentet.

- Vi er inne i ein marknad som kan kallast «mat som medisin», og det er ei felt med vekst. Vi har fått fleire store internasjonale kundar av det slaget som gjer at fleire vi følge etter.  Vi går inn i ein fase med produksjon og vekst, og kjem til å utvide staben her i Hovdebygda. Innan utgangen av neste år reknar vi med at vi byrjar å tene pengar, seier Hogne Hallaråker.

Selskapet spesialiserer seg på å utvinne olje og protein frå silderogn, under slagordet «vi tek ut gull frå havets sølv».

- Eit sildeegg har ei optimal samansetjing av feitt og protein. Det er eit ekstremt godt råstoff, seier dagleg leiar Hogne Hallaråker i Arctic Nutrition.