- Det er viktig å ha god kontakt med lokalmiljøet, og difor fann vi ut at vi ville invitere alle skuleelevane på ein ferjetur, seier kaptein Redulf Maalen på bilferja "Veøy".

Han delte ut kontrollkort i plast til alle barna, kort som kunne vekslast inn mot ei svele ei kafeteriaen om bord.

Etter fem månader med turistferje mellom Hellesylt og Geiranger er det no slutt for i år.

Las Vegas

Mannskapet om bord blir spreidd for alle vindar, ferja går i opplag - og sjølv skal kaptein Maalen heim til bustaden sin i Las Vegas. Der har nordmøringen budd i 35 år.

- Las Vegas!? Du må ikkje spele vekk alle pengane du har tent i sommar, no då?

- Nei, den som har slike problem kan ikkje bu i Las Vegas, svarer kaptein Maalen.

Han er pensjonert cruisekaptein, og har mange gonger segla inn Geirangerfjorden med digre cruiseskip. Men heilt ukjend med gamle "Veøy" er han ikkje:

- I 1979 hadde eg sommarjobb som styrmann om bord i "Veøy", som då gjekk i ruta mellom Molde og Vestnes, fortel Reidulf Maalen.

Flåm

Ferjeruta mellom Hellesylt og Geiranger har i år blitt utført av reiarlaget The Fjords AS, med base i Flåm.

Dei sette betydeleg opp billetprisane til årets sesong, men kaptein Maalen meiner det ikkje har slått negativt ut på trafikktala.

- Eg synest ikkje det er for dyrt å reise med ferja vår, meiner Maalen.

Billettprisen har i år vore 490 kroner for ein bil.