Eid:

Premierefest i operahuset

Premieren av skulemusikalen Grease vart ein fest for ein fullsett sal i det nye opera- huset på Nordfjordeid.

Eit publikum på over 500 let seg imponere av heftig hoftevrikk og kul song frå elevane ved Eid vidaregåande skule. Dette vart ei pangoppleving slik regissør Michael Pavelich lova på førehand. Dei tok oss med tilbake til -59, og Johanne Ilje og Simeon Mavropolous stod på scena som Sandy og Danny, eller Olivia Newton-John og John Travolta som vi kjenner igjen frå den legendariske filmen. Og ungdommane såg ut til å like å spele kule tenåringar med brylkrem og strutteskjørt. - Dette var heilt fantastisk, og energirikt å høyre slik respons, strålte Johanne Ilje etter vel gjennomført premiere. Elevane sjølve var strålande fornøgde og hylte i kor då sceneteppet gjekk ned. Elevane er dei første som får prøve ut nye operahuset, og det var ein tydeleg stolt rektor Ove Bjørlo som opplevde premieren. - Dette er historisk, og eg er ikkje lite stolt og rørt i dag. Det er berre to år på måndag sidan vedtaket i fylkestinget kom om utbygging. Sidan då har det vore slikt trykk, så det er først no det har begynt å gå opp for meg kva som skjer. - Men denne premieren er berre starten. Måndag begynner flyttinga frå yrkesfag, og frå 30. mars har vi alle under same tak. Då er vi i mål. No har vi også den mest utrusta scena mellom Bergen og Trondheim, sa ein stolt Bjørlo. Også operahusleiar Geir Holmen var stolt etter prøveopninga. - Eg synest det er fantastisk treffande at det er nettopp elevane som står på scena her for første gang. Flinke er dei også, fastslo Holmen. Han var godt fornøgd med første gjennomføringa. - Vi vil aldri vere heilt fornøgde, men vi tok over huset laurdag og ting må lærast. Vi er stolte over huset og kva vi har fått til på kort tid, sa Holmen.



Mer å lese på Sunnmørsposten:
 
Leses nå
 

Forsiden nå:

Nattsvart sinn i sommerlyset:

Ensomheten tar ikke ferie

Hva gjør du nå? Kanskje stopper du opp og skriker mot himmelen. Kanskje lar du panna falle inn mot nærmeste stødige trestamme og kanskje, stående slik, gråter du en innbitt, ærlig gråt, som bare fuglene i trekrona over deg kan høre. Eller kanskje synker du sammen mellom gras, siv og greiner.

Slinningsbålet

Vekslende vær lørdag:

Slik blir det under bålet

Lørdag bærer preg av byger, men når Slinngsbålet tennes klokka 21.00 ser det ut til å bli opphold. - Og kanskje et lite solglimt!

Fra klokka 19.00:

Direktesending fra Slinningsbålet

Lørdag tennes Slinningsbålet, Sunnmørsposten og Bypatrioten sender direkte fra Slinningen fra klokka 19. Svart skjerm? Prøv en annen nettleser enn Explorer.