Ifølgje ei utrekning Kunnskapsdepartementet har gjort trengst det over 2200 nye lærarar i Møre og Romsdal dei neste ti åra for å erstatte ufaglærte og pensjonerte. Det gir eit årleg behov på over 200 nye lærarar kvar haust.

– Utrekninga må departementet stå for, men tala overraskar ikkje, seier Arne Myklebust, dekan ved avdeling for lærarutdanning ved Høgskulen i Volda.

Utdanningsinstitusjonane har kapasitet til å møte behovet, meiner Myklebust. Utfordringa er å få nok ungdom til å søke.

Strengare krav

Etter at det blei innført krav om 4 i matematikk gjekk søkartala til grunnskulelærar ned i fjor. Mange som tok sommarkurs klarte heller ikkje då kravet. I år er første år med femårig utdanning. Og frå 2019 er det varsla krav om master på PPU.

– Det er positivt å stille krav. Spørsmålet er om krava gir den rette utsilinga. Det ein må passe seg for er at vi ikkje får for få lærarar. Då må ein jo fylle på i skulen med ufaglærte, seier Myklebust.

– Her er ein del eksperiment på gong som vi er usikre på korleis vil slå ut, seier dekanen, som håper masterutdanninga vil vere med på å heve statusen.

Spent Arne Myklebust, dekan på lærarutdanning ved Høgskulen i Volda, håper mange vil søke på lærarutdanninga. Foto: Anne-Mari Tomasgard

Sletting av studiegjeld

No har regjeringa sleppt ein gulrot for å få fleire til å søke: Sletting av studielån. Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) skriv til Sunnmørsposten at han trur sletting av studiegjeld vil gjere det meir attraktivt å ta lærarutdanning.

Isaksen seier dei hadde forventa ein større nedgang i kvalifiserte søkarar enn det som blei tilfellet i fjor.

– Det er ikkje aktuelt å senke krava. Vi treng fagleg dyktige og motiverte lærarar, seier han.

– Alltid bruk for lærarar

I Volda er dekanen spent på søkartala. Han oppfordrar unge til å søke på grunnskulelærar – særleg gutar.

– Det er mykje som er usikkert i framtida. Men lærarar har vi i alle fall bruk for, seier han.

Spent: Arne Myklebust, dekan på lærarutdanning ved Høgskulen i Volda, håper mange vil søke på lærarutdanninga. Foto: Anne-Mari Tomasgard