Vindmølleplanane:

Full stans i Vanylven

- Det sit langt inne å innrømme det, men vindmøllemotstandarane har vunne fram, seier Svein Vassbotn i Tussa. Foto: Knut Arne Aarset

Motstanden vart for sterk.

Svein Nordal
Publisert: 27.04.2010 kl. 08:55
Endret: 27.04.2010 kl. 08:58

Tussa har gjort eit klokt val.

Johnny Kragset, vindkraftmotstandar

– På grunn av den store motstanden, legg vi planane om vindmøllepark i Vanylven på is. På ubestemt tid, seier Svein Vassbotn i Tussa.

Dermed vert det ingen ting av ein vindmøllepark med 35 vindmøller på høgd med Oslo Plaza på Hovda i Vanylven.

– Tussa ynskjer ikkje å gå i gang med eit prosjekt der motstanden er så stor, seier Vassbotn.

– De ynskjer ikkje å stimulere bygdestriden som har oppstått?

– No kjenner eg ikkje detaljane, men forstår det slik at frontane har vore steile. Og motstanden var aller sterkast på dei beste lokalitetane, Nystøylhornet og Sandvikdalen, konstaterer Vassbotn.

Motstand
Desse fjellområda ligg ovanfor Hakallestranda, eit område som er utpeika i kommuneplanen som turistsatsingsområdet i Vanylven kommune.

Der har vindkraftmotstandarane starta motstandsgruppa Vern Hovda. Dei har gått til frontalangrep på Tussa, Zephyr og Vestavind sine planar.

På gløtt
Eit tredje område, Myklebustheida, ligg ovanfor Nordstranda, der eit knapt fleirtal av grunneigarane var positive til vindpark-planane.

– Men dette området lønner det seg ikkje å byggje ut separat. Dette området har dårlegare vindtilhøve enn dei to andre, seier Vassbotn.

– Betyr dette at planane vert lagt bort for alltid?

– Nei, vi legg planane på is på ubestemt tid. Når tanken har fått modne i nokre år, kan det vere at vi luftar ideen på nytt, seier Vassbotn, som arbeider med vindkraft, bølgjekraft og biokraft hos Tussa.

Haugshornet
Vanylven si nabokommune Sande fekk Tussa med seg grunneigarane på vindparkplanar på Haugshornet, men der sa NVE nei.

Tussa anka saka, og departementet skal ta stilling til saka før ferien.

Stor seier
– Dette er ikkje berre ein seier for det store fleirtalet av grunneigarar. Det er også ein seier for framtidige generasjonar, seier vindkraftmotstandar Johnny Kragset i Vern Hovda.

:– Tussa har gjort eit klokt val. Dette viser at selskapet legg stor vekt på demokratiske prosessar, seier Kragset.

Han og dei andre i Vern Hovda er mindre imponert over Vanylven kommune, som dei meiner lokka Tussa på feil premissar:

– Vi håper på ein sterkare lojalitet frå Vanylven i forhold til openheit og inkludering.

Diskuter denne saken

Innsendt av Harald Sunnmøring 28.04.2010 21:53:05 Varsle!

Sidan planane om vindmøller i Vanylven no er lagde bort, synes det som om Vanylven kommune står framfor sin snarlege undergang, inga utvikling, ingen pengar, ingen kommunale tenester, fråflytting, berre gamlingar att. Dei fleste innlegga stakkarsleg-gjer vanylvingane i ein grad som er vanskeleg gjenkjenneleg. Eit initiativrikt, arbeidssamt folkeslag med framdrift og omtanke vert angiveleg plutseleg avhengig av kronene tilført frå eit kraftselskap. No ligg vegen åpen for andre aktivitetar, og utvikling av turisme og hyttefelt er nokre av mulegheitene - om kommunen legg godviljen til. Debatten om vindmøllene kan skape optimisme og grobotn for ei rik utvikling, surmaga oppstøt passar ikkje for vanylvingane.

Innsendt av gratulant 28.04.2010 12:22:04 Varsle!

Vil berre gratulere "Vern Hovda" med sigeren i denne saka.For dei fleste av Dykk har verkeleg har verkeleg vunne saka. og då tenkjer eg på tyngda av medlemmane i vern hovda, og som merkeleg nok ikkje er busatt i Vanylven. For de har vunne og ikkje dei som uheldigvis bur i denne komuna , og er avhengig av komunale tenester. Men dei er det vel ikkje så farleg med.
Men det er vel et hav av mulegheiter for komunale inntekter .. Så no oppforda eg Vern Hovda til å kome med konkrete planar som er realistiske å få til i Vanylven slik at dei stakkarane som bur her har komunale tenester og i framtida.

Innsendt av Utflytta 28.04.2010 11:55:18 Varsle!

Hadde det vore en av dei sentrale personane som stod for Åram`s overgang til Vanylven som foreslo vindmøller ville nok utfallet blitt anleis.
Etter å ha budd i området i fire år, riktignok for nokre år sidan, føler eg meg ganske sikker på at ca 95 % av motstandarane aldri har vore i det aktuelle området og mest sannsynlig aldri komt så nær at dei ville fått auge på møllene noen gang i sitt liv. Selvsagt er der kanskje et pår titalls fjellvante folk som helt klart ville føle det skjemmende. Men skal innbyggarane i ei så lita kommune som treng arbeidsplassar stoppe kreative sjeler med nyskapning fordi at en gjeng som ellers sit og plukkar lo utav navlen og ellers ikkje bevegar seg utendørs har lest i avisa at det finnes planer som dei kan profilere seg i heimbygda ved å protestere mot? Skremmende!

Innsendt av odelsgutt nordfjord 28.04.2010 11:35:42 Varsle!

Fikk nøyaktig det samme avslaget på en utbygging i hjembygda mi på vestlandet. Det var for sterk motstand, spesielt fra +50 generasjonen.

Men dette er et midlertidig problem. For nå, en 3 år etter avslaget, er det ingen i bygda som er under 50 år og fastboendes. All ungdom flytter så snart de er ferdige med ungdomsskolen. Den eneste gangen jeg faktisk har sett engasjement fra ungdommen, var da det var snakk om vindmølleutbygging. Da var det noen som kom helt fra Stavanger for å delta på møtene og det var spesielt utbygging av infrastrukturen som var av interesse. For så snart en har infrastruktur på plass, har en samme konkurransemulighetene som andre plasser i landet. Men en må ha drahjelp fra et utbyggingsprosjekt. Ei kommune som snart bare består av pensjonister, offentlige ansatte og NAV ansatte har ikke råd til å bygge ut denne infrastrukture.

Så hva er situasjonen nå? Med unntak av noen som kjører proff svindel gjennom Inovasjon Norge med luftslottsbygging, er det omtrent ingen gründeraktivitet i de 3 nærmeste kommunene. Og hvis en kommer hjem utenom fellesferiene, ser den nærmeste "byen" ut som en ren spøkelsesby.

Så jeg regner faktisk med at bygda om en 10-20 år blir totalt avfolket utenom feriesessongen. For en kan ikke forvente at dem som nå er 50 fortsetter å bo i området når de blir 60-70 og oppdager at legetilbudet har blitt nedbygget i takt med sviktendes skatteinntekter. For all investeringen i oppvekst og utdanning for ungdommen er det byene som nyter godt av.

Derfor er det egentlig fordømt ironisk at de såkalte "naturvernerne" sier at en må tenke langsiktig. Når de selv ikke engang greier å tenke 10 år frem i tid med hensyn til bygdenes utvikling. For sannheten er at de ikke tenker langsiktig eller på fellesskapet. Bak enhver naturverner ligger det meget egoistiske motiver og mye skadefry.

Men dette er som sagt bare et forbigåendes problem. Om en 10-20 år er det ingen igjen som kan protestere. Og de som eier arealet, bor og jobber i nærmeste tettsted. Og hvis de da får tilbud om en fin ekstrainntekt fra feriestedet? Sier seg selv hvem som ler sist.....

Innsendt av Vind Kraft 28.04.2010 18:21:15 Varsle!

Så sant så sant, d blir sik her og :)

Innsendt av Innflytta Rogalending 28.04.2010 11:31:03 Varsle!

Heldigvis blei det ikkje vindmøller. Eg e ein av dei få unge som har flytta TIL Vanylven og ikkje FRÅ i løpet av dei siste åra og har funne meg godt tilrette saman med min sambuar som eg og tok med meg fra Rogaland.
Hadde det derimot vore fare for at den, for meg, nydeligaste plassen på jord hadde vorte "tilgrisa" med støy og store bulldoserar på fjellet rett ovenfor meg, skulle eg nok raskt vurdert å flytte på meg..kanskje til Ylvingen;-))
Det er vel ikkje så merkelig at ein sette seg til motverge når dette fantastiske området står i fare for å bli rasert. Industri vinn stort sett alltid fram i dette landet. Såg seinast i går bilder frå Mongstad før og etter den "industrielle revolusjonen" som fant sted der. Eg seie ikkje at ein skal stoppa all utvikling, men når det gjelde vindkraft så koste det heila mye mer enn det smake. Når det koste øve 1 krona å produsera 1 kW, så blir det heilt fjollete å begynna på sånne prosjekter når ein i stedet kan oppgradera vannkraftverkå uten å måtta foreta noen som helst inngripen i verken elvar elle fjell. Vindkraft telle visst mye mer enn vannkraft som ei fornybar ressurs. Antagelig fordi det ligge mye prestisje i det fra politikerane si sida.
Og når det gjelde Smøla, så har dei auka turismen PÅ TROSS AV og ikkje PÅ GRUNN AV vindmøllene.

Innsendt av Vind Kraft 28.04.2010 18:18:55 Varsle!

Smøla har auka turismen nettopp på GRUNN AV vindmøllene! Grunnn til dette er enkel, på grunn av vindmøllene so blei d tilført middla til lokalsamfunnt på Smøla. Dei fikk byggd opp overnattingsplassa, bevertningsplassa osv. Dette på GRUNN AV vindmølleutbygging! Kan ikkje fatte kva som ska være so skjemmande me vindmølle? Veiane som blir bygde som tilkommst til vindmøllene vil da gjære slik at folk faktisk brukar fjellet og naturen vår? Har du nåkon gong sett børevatnet helt nedtappa? Og du/dokke meina ei vindmølle ødelegge naturen?
Argumeta med at det er berre tull å bygge ut reint økonomisk er iallefall berre tull, for OSS som VANYLVINGAR so er dette eit viktigt økonomisk løft? Vi treng sårt all den kappitalen vi kan får?
Sjøl so ha eg vurdert å bygge og bu her i Vanylve, men dette gidder eg ikkje, orka ikkje bo i et samfunn oppbygd av trygda folk og feite tyske turistar.. Her er snart ikkje en einaste industriarbeidsplass igjen.... So det e på tide å sjå seg rundt etter alternative måtar å få pengar inn i den tomme kommunekassa...?

Innsendt av Ekte Vanylving 28.04.2010 09:19:50 Varsle!

So har dei klart det igjen, håpet om at det kan vere noke som vanylven kan levere som ingen andre har er øydelagt igjenn....berre fordi ein gjeng oppstadnasige og uhøvla hakkalianara skal trumfe igjennom det dei vil, akkurat som dei har gjort med skulen der ute i øydemarka.........Det er ikkje nokon plass i kommunen der blir brukt so mykje pengar pr. snute som på hakkalianarane. Dei skulle eigentleg fått høyrt til nedrykkskommunen Sande der dei var før.......... Hakkisa, tenk dokker om ein gong til, det blir aldri noken stor turistmagnet å komme ut til hakkaljestranda...............

Innsendt av Fremtiden 28.04.2010 20:42:40 Varsle!

Hurra, lenge leve demokratiet. Lenge leve den flotte naturen som vi har. Denne kan vi ikkje øydelegge for komande generasjonar. Kraft har vi nok av, og vi har veldigt stort potensiale i å hente ut opptil 40% meir kraft frå vasskrafta. Dette betyr oggradering av eksisterande kraftverk og nye meir effektive fall og turbinar. Uansett ville fleire ha flytta i frå kommuna viss vi hadde hatt desse vindmøllene, då hadde kommunen tapt på skatteinntekter, meir enn dei hadde fått inn av eigedomsskatt frå vindmøllene.

Samtidig er det svært trist å sjå den negative holdninga enkelte Vanylvingar har om sine sambygdingar. Det er svært leit å høyre. Men kanskje bør ein gå inn i seg sjøl å tenkje litt over det ein utrykkjer.

Trur de at folk reiser til Vanylven for å sjå på vindmøller, når resten av Europa er fyllt med vindmøller? Dei vil helst unngå dei, og komme til ein plass der dei ikkje er. Ein må tenke på dei som vil bli framtidige generasjonar her, og ikkje bruse laus å bygge ut i stor skala, som det var planlagt her. Som ungdom i Vanylven kan eg garantere at eg ville alldri ha busett meg i kommunen viss desse vindmøllene hadde blitt realisert.

Vi treng å ha naturen slik han er, og ikkje øydeleggje han. Så korfor øydelggje han når så mange har han så kjær?

Innsendt av Tidligare Sandssokning 28.04.2010 11:11:52 Varsle!

Det er noko trist å lese slike innlegg som det så er innsendt av Ekte Vanylving,(med store bokstaver)

Innlegget ber preg av ein person som ikke ser andre verdier i livet enn kroner og øre og såleis vil nytte kvart høve til dette formålet,tydeleg vis sjølv om det skulle innebere salg av si eia bestemor!Det fortel ellers mykje om denne personen at han/ho ikke går av vegen for å karaktisere andre vanylvingar med ukvemsord.Håper vanylven ikke har mange med ei slik innstilling til sine med-vanylvingar,for då har vi slett ingen grunn til å smile!Vil til slutt ta forbehold om at den omtala person kan vere i litt ubalanse!

Innsendt av Sunn Møring 28.04.2010 19:38:01 Varsle!

Det er slett ikkje nåken utprega motstand mot utbygging av vindmøller på Hakkalestranda.Dei som skrik om kapp med gråmåsen dei vil verne og syne til gamle tyskarar, er utflytta sneversynte egoistar som vil mele si eiga kake på bekostning av ei heil kommune.Står et par ord i bibelen om grådigheit som enkelte burde ha lest...

Innsendt av Vanylving 29.04.2010 09:57:57 Varsle!

Trur på ingen måte du kan ta Bibelen til inntekt for at vi som bur her skal gå inn for å forringe dei nære fjellområda så radikalt!Å hindre salg av vårt flotte fjellområde for nokre lusne Judaspenger,kan vel neppe kallast grådigheit.Beste helsing Vavylving.

Innsendt av Victory 27.04.2010 23:52:06 Varsle!

Så får vi håpe at dette er begynnelsen på slutten for alle andre vindmølleparkene som er planlagt på vestlandet og offshore.

Fornuften seirer til slutt!

Innsendt av Jonny 27.04.2010 22:35:06 Varsle!

Det er faktisk menneske som lever og trivst godt i Vanylven. Tener eigne pengar i industri, jordbruk og tenesteytande næringar, og kunne ikkje tenkt seg å byte med noko anna. Minst like mange som tek mål av seg til å vere spydige mot nokon som tilsynelatande er i mindretal. Tidene skiftar og slik vil det alltid vere. All utvikling må vere rotfesta i samfunnet den forgår i, skal den vere berekraftig på lang sikt. Vindmølledebatten har gjort Vanylvssamfunnet godt. Respekter begge partar, move on.

Innsendt av jallakommune 27.04.2010 22:03:24 Varsle!

Nei det her må eg le av,eller var det er gunn til å smile det va???

Innsendt av mølla 27.04.2010 20:38:10 Varsle!

Kan egentleg ikkje sjå kvifor folk er så deppa pga at det i dinne omgang ikkje blir vindmøller i Vanylven. Det er nå berre å satse på å få omstillingsmiddlar med jamne mellomrom, slik som sist. Ei komune som Vanylven treng ikkje å tene eigne pengar. Kva skal vi med skular, sjukeheimar og fritidstilbod?
Vi kan berre gjere som dei skreiv i diktet i Synste Møre, å ta oss en tur på fjellet å setja oss på kvilestenen. Treng vel ikkje kvileheim , når vi har ein kvilestein!!

Innsendt av Øystein 27.04.2010 15:09:36 Varsle!

Dette blir akkurat som på Ylvingen, der Leif Grøndal innså at det ikke var rett.... Himmelblå skaper presedens :-)

Innsendt av Ungdom i Vanylven 27.04.2010 14:13:08 Varsle!

Hurra, lenge leve demokratiet. Lenge leve den flotte naturen som vi har. Denne kan vi ikkje øydelegge for komande generasjonar. Kraft har vi nok av, og vi har veldigt stort potensiale i å hente ut opptil 40% meir kraft frå vasskrafta. Dette betyr oggradering av eksisterande kraftverk og nye meir effektive fall og turbinar. Uansett ville fleire ha flytta i frå kommuna viss vi hadde hatt desse vindmøllene, då hadde kommunen tapt på skatteinntekter, meir enn dei hadde fått inn av eigedomsskatt frå vindmøllene.

Vi treng å ha naturen slik han er, og ikkje øydeleggje han. Eg kan ikkje forstå at turistar vil komme til Vanylven for å sjå på vindmøller. Dei vill helller komme til ein plass for å unngå dei, no når det blir storstillt utbygging i heile Europa.

Personleg trur eg Vanylven har mykje meir å vinne på å ikkje ha vindmøller.

Innsendt av Sunn Møring 27.04.2010 11:32:14 Varsle!

Svært få unge vel å slå seg ned i Vanylven,og det er det en grunn til.Det er snart berre gamlingar,og orginalar igjen her.Dei fleste av vindmøllemotstandarane vil ha bru,men dei trur vel den kjeme ramlande ned i skallen på dei.Et brusamband er den viktigaste faktoren for vekst i dette området.Turismen i dette området vil aldri ta av uansett,til det er området altfor ordinært i forhold til andre turistmål.Klart det er en fin plass,men en bør klare å sjå lenger enn rett fram for si eiga nase.Men vi kan jo glede oss til en ting,Oddgeir Bruaset kjem sikkert snart og filmar her til programserien sin...

Innsendt av Vande Vanylving 27.04.2010 11:31:37 Varsle!

Har aldri greidd å engasjere meg heilt i denne saka, ser ikkje heilt dei store argumenta imot vindmølle, sett bort ifrå at dei blir såpass mykje subsidiert ifrå staten osv.
Nei, sats heller på vasskraft, so kan dei som e her på besøk etpar veke i året få kose seg på fjellet ilag me foglelivet dei visstnok sete so høgt, og vi lokale kan kanskje få litt verdiskaping og billigare straumregning...!

Innsendt av Sosial Demokrat 27.04.2010 11:00:36 Varsle!

Hurra, demokratiet og folkemeininga lenge leve! Vindmøllespørsmålet over og ut i Vanylven.
Så står folkeavstemming om bompenger igjen i Ålesund.
Som Nesvik sier det i et innlegg i Sunnmørsposten i dag,: Høyre fikk ordføreren,makt er det viktigste for Høyre, mot at Frp. kunne nekte bompenger, bompengeringen i Ålesund. Nå slår Høyre full kontra, som barn i barnehagen:Jeg fikk dropset,men likte det ikke, jeg vil ha det andre!Det med sitron.
Hvorfor vil ikke Høyre ha folkeavstemming og demokrati i Ålesund? Vet de utfallet?
Måtte demokratiet vinne i Ålesund, slik som i Vanylven.

 

Skriv din kommentar

Tittel *

Kommentar *

Fornavn *

Etternavn *

e-post *

Kallenavn (valgfritt)

Nyheter fra Sunnmørsposten - Nordvestlandets største avis ønsker en åpen og saklig debatt. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og eventuelt fjerne innlegg. Klikk her for å lese alle reglene for debatten.

På forsiden nå

Silje inspirert av Japan

Stryning debuterar på møbelmessa i Stockholm. Les mer

Tøffelhelt i Mongolia

Se lydbildeserie og les reportasjen om Ingar Eide - om tro, tøfler og et vakkert, men nådeløst land. Les mer

Rekdal: – MÅ ha en målfarlig spiss

Sju mål på La Manga er ikke nok til at AaFK-treneren avblåser spissjakten. Les mer

Må velje mellom Eir (3) og arbeid

Reglane for å få pleiepengar er stramma inn. Les meir 4 kommentarer