Trur ikkje føden blir fjerna

Kommuneoverlege Bjørn Martin Aasen meiner regjeringa har ei kjempeoppgåve når det gjeld å reetablere folks kjensle av at dei har ei trygg helseteneste.
Foto: INGER OTTERLEI
Kommuneoverlege Bjørn Martin Aasen meiner regjeringa har ei kjempeoppgåve når det gjeld å reetablere folks kjensle av at dei har ei trygg helseteneste. Foto: INGER OTTERLEI
– Også Kvinneklinikken i Ålesund må finne seg i strukturendringar. Gynekologane i Ålesund må gå vaktar i Volda når det behov for det.
Inger Otterlei
Publisert: 02.06.2010 kl. 07:00
Endret: 02.06.2010 kl. 08:53

Det meiner kommuneoverlegen i Herøy, Bjørn Martin Aasen.

Han er overtydd om at fødeavdelinga i Volda ikkje blir fjerna trass i at sjef for Kvinneklinikken, Janita Skogeng, i sin høyringsuttale skriv at fødeavdelinga bør sentraliserast til Ålesund, og at det bør bli ei jordmorstyrt fødestove i Volda.

Les også:

Tilbakeslag

– Kva vert konsekvensane for folk i Herøy dersom fødeavdelinga i Volda likevel blir nedlagt?

– Då må alle førstegongsfødande, pluss dei som er definerte som risikofødslar, sendast til Ålesund.

Reisetida i bil eller ambulansebil i Ålesund blir lengre. Den blir den same som fødande hadde til Volda sjukehus før Eiksundsambandet. Ein må tilbake til følgjeteneste med jordmor, påpeikar kommuneoverlegen.

Frå Fosnavåg tar det ein time og 25 minutt til Ålesund, til Volda er reisetida 45 minutt. Det er halvparten så lang tid som til Ålesund.

Betre sjukehus

Aasen trur at framtidige endringar i sjukehusvesenet vil gje eit styrka tilbod i Volda.

– Det blir meir sentralisering, men også meir desentralisering, seier han.

– For 15 år sidan opererte dei alle typar kreft ved Volda sjukehus. Det gjer dei ikkje i dag. Kreftoperasjonar vart flytta frå Volda til Ålesund og frå Ålesund til Trondheim. Det inneber ei dramatisk endring. Vi må ta inn over oss at dette aldri vil bli reversert.

Vi vil aldri bli operert for svulst i tarmen eller liknande av ein lege som gjer dette to eller fire gonger i året. Det syner seg også at det beste resultatet har dei som gjer dette heile tida, påpeikar Aasen.

Meir om sjukehuskampen: Vil utvide Helse Sunnmøre

Beinbrot døgnet rundt

Han var sakshandsamar for høyringsuttalen frå Herøy kommune som går inn for ei løysing med akuttvakt heile døgnet innan ortopedi, men der bløtdelskirurgien kan bli gjort om til ein femdøgnspost. Akuttberedskap innan indremedisin og gynekologi/føde vil dei halde på som no.

– Største utfordringa i dag er eldre kvinner med fallskadar og beinbrot. Det er enklast å legge ned bløtdelskirurgien og bevare akuttberedskapen i ortopedien. Statistisk sett opererer legane i Volda ein «bløtdelspasient» kvar 10. natt, påpeikar Aasen.

Han trur behovet for legekompetanse vil auke på det indremedisinske området i takt med at sjukdomsbiletet endrar seg i befolkninga.

Volda-legane: – Om fem år er det slutt

– Legeforeininga seier det går ut over rekrutteringa viss ein fjernar akuttberedskapen?

– Det har eg registrert. Legar har ein tendens til å søke dei fagleg sett mest utfordrande jobbane. Køen er størst ved utdanningstillingane ved dei høgspesialiserte sjukehusa. Eg er overtydd om at også legane må tenke annleis for framtida, seier Bjørn Martin Aasen.

Diskuter denne saken

Innsendt av frisk og førlig 02.06.2010 14:32:27 Varsle!

Kjekt att ein lege kan nyansere denne debatten om sjukehusa. Frå det holdet kjem det som oftast berre krisemaksimering. trur vi kan reise til Ålesund eller Trondheim for å få kvalifisert hjelp utan att vi tar skade av det. Vi kan ikkje ha eit sjukehus på kvart nes i dette fylket. I framtida blir infrastrukturen beire og det har dei siste 30 åra vist. Derfor må sjukehusa også tilpasse seg dette sjølv om det kan vere vanskeleg på grunn av att leger som har busett seg ein stad kansje må flytte på seg.

 

Skriv din kommentar

Tittel *

Kommentar *

Fornavn *

Etternavn *

e-post *

Kallenavn (valgfritt)

Nyheter fra Sunnmørsposten - Nordvestlandets største avis ønsker en åpen og saklig debatt. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og eventuelt fjerne innlegg. Klikk her for å lese alle reglene for debatten.

På forsiden nå

Tester «månelanding» for Ormen

Nyhamna i Aukra har et av verdens største testlaboratorium. Og trolig det dyreste. Les mer

– Ei redningsbragd av dei heilt store

Dei trudde sjølve det var umogleg, og er djupt imponerte over at Sea King-mannskapet makta å finne og berge livet til den islandske fiskaren Eirikur Ingi Jóhansson. Les mer

Fem gode torskeår

Femårsvarsel for fiskebestandane lagt fram. Les mer