Byåsen - Hødd kl. 13:00

Hødd leitar etter godfølelsen

Hødd heng med i toppen i 2. divisjon, men trenar Lars Arne Nilsen vedgår at spelet ikkje har vært bra nok til no.

Mobil: 91615657
Publisert: 12.06.2010 kl. 12:36
Endret: 12.06.2010 kl. 13:20

- Vi driv framleis og leitar etter «god-følinga» som vi hadde gjennom heile vinteren. Nå slit vi oss meir til poeng, og eg var slett ikkje nøgd med det vi presterte i toppkampen mot Nardo på Høddvoll sist (1-1). Vi skal vere nøgd med at vi berre er tre poeng bak topplaget Skeid, meiner han.

Her kan du følge Byåsen - Hødd direkte fra klokka 13.00

Klokka 13 i dag spelar Hødd mot Byåsen i Trondheim, og Hødd drog nordover med buss i går. På den bussen var korkje Oddbjørn Lie eller Kazeem Ahmed med.

– Oddbjørn slit med lyskelidinga Gilmores Groin, men ville spele mot Nardo sist. Etter den kampen har han fått eit tilbakeslag, og han må kvile no. Kazeem er framleis skadd, men vi stiller eit bra lag uansett, meiner Hødd-trenaren.

Tapte 10-0!

Byåsen var tabell-leiar inntil forrige serierunde. Då gjekk Byåsen på eit braktap av dimensjonar, 0-10 mot Molde 2 svir kraftig.

– Eit slikt enormt tap kan anten føre til at spelarane vert usikre og lurer på kva dei held på med, eller så kan det bli «samling i botn» og full fres mot oss. Vi førebur oss på det siste, og skal ta Byåsen skikkeleg på alvor. Dei er som regel gode på heimebane, seier Lars Arne Nilsen. Byåsen fekk eit raudt kort mot MFK 2, så også dei manglar minst ein spelar.

På forsiden nå

- Finn frem flagget!

Håper på 2-3000 under tidenes første landskamp på Color Line stadion. Les mer 3 kommentarer

Gutt tilsto overgrep mot åtteåring

En gutt under den kriminelle lavalder har innrømmet overgrepet mot en åtteåring på Skøyen i Oslo tirsdag. Les mer

Lite vatn i kraftmagasina

Vi er avhengige av betydelige mengder med nedbør i løpet av høst, vinter og vår for å slippe å komme i en kritisk kraftforsyningssituasjon. Les mer