Valldal-jordbær lar vente på seg
Sola lar vente på seg i Valldal i år, og det same gjer jordbæra. Dei første bæra frå Valldal Grønt AS kjem tidlegast 16. juli, men då berre i små mengder som blir selt lokalt. Veka etter kan kanskje andre delar av regionen få litt av go’bæra, spår Harald Valle i Valldal Grønt. Han ber til værgudane om sol og varme snart.
Tidspress for NRK
– Vi hadde «gjettemøte», og i Liabygda anslo dei 16., 17. eller 18. juli for dei første bæra, fortel Valle.
Den 18. juli kjem nemleg Linda Eide med fullt NRK-team for å lage TV av jordbæra. Valldal og jordbæra skal vere med i «Norske Attraksjoner».
– Da håper vi jo ha litt bær å vise fram. Men vi spelar på naturen sitt lag.
På Myklebust gard i Valldal ventar Harald og sonen Geir Myklebust óg på sola. Geir viser oss rundt på åkrane, men alt vi finn er grøne klumpar og jordbærsnutebillar.
– Det blir seinare enn i fjor, seier Geir, som reknar og gjettar 20.-25. juli for dei første bæra sine. Men han er ikkje spesielt uroa for veret, sjøl om det ligg nysnø i fjella.
– Det kan jo ikkje halde seg så kaldt.
Raskare Østlandsbær
Norske jordbær kjem likevel i butikkane før 20. juli. Avgang for jordbær frå Østlandet til Nordvestlandet skjer alt i dag, melder jordbærsjef i Bama, Roger Utengen.
– Berre i små kvanta no, det er for kaldt om natta enno, seier han.
– Jordbærtoppen i Norge blir i år veke 28 og 29.
Kvalitetsbær
At Valldal kjem etter Østlandet er ikkje nødvendigvis ei ulempe for produsentane, men kan bety høgare prisar for forbrukarane.
– Vi er spente på veret, men blir det bra så er det ein fordel med lang modningstid, seier Valle.
– Det er greit med mindre konkurranse, seier Geir Myklebust.
Diplom-Is lanserer i år jordbær-is med jordbær frå Valldal.
– Valldal er ei merkevare, ein identitet på gode jordbær. Det jobbar vi sterkt for å få til, seier Harald.
Kvifor er bæra så gode?
– Det er klimaet, bra temperatur, lyse netter, lang modningstid og god jord, meiner Geir.
– Dei er ikkje alltid størst, men dei er alltid best, skryt han.
Ventar
I Spar-butikken i Valldal sentrum er det berre belgiske jordbær å få enno. Dei er spesielt gode i smaken i år, meiner dagleg leiar Olav Muri. Men han ser fram til ferske jordbær frå gardane i heimbygda.
– Når vi får dei bæra, er det det folk vil ha.
Vebjørn Johansen går lett forbi dei belgiske jordbæra.
– Eg har ikkje ete jordbær i år. Eg ventar til dei skikkelige bæra kjem.
Gler han seg?
– Klart det! De e jo dei beste jordbæra i vera, e de ikkje?