Steinras ved Visettunnelen

Fleire steinblokker dundra i vegen ved Visettunnelen mellom Ørskog og Stordal onsdag morgon.

Mobil: 90792403
Publisert: 01.09.2010 kl. 10:13
Endret: 01.09.2010 kl. 10:13

Politiet fekk første melding om steinblokkene 07.57.

- Det er eit parti som har løsna 200 meter oppe i den loddrette fjellsida, seier operasjonsleiar Audun Vartdal i Sunnmøre politidistrikt. Han fortel at det var rundt ti tonn stein i vegbana, og den største blokka var rundt 5 tonn. Vegen fekk mindre skader, og det vart også mindre skader på autovernet. Trafikken vart dirigert og slept forbi medan oppryddinga heldt på. Mesta er no på staden, og geolog skal også vurdere rasfaren nærare, men den er hittil vurdert som så liten at trafikken no går som normalt.

På forsiden nå

Tester «månelanding» for Ormen

Nyhamna i Aukra har et av verdens største testlaboratorium. Og trolig det dyreste. Les mer

– Ei redningsbragd av dei heilt store

Dei trudde sjølve det var umogleg, og er djupt imponerte over at Sea King-mannskapet makta å finne og berge livet til den islandske fiskaren Eirikur Ingi Jóhansson. Les mer

Fem gode torskeår

Femårsvarsel for fiskebestandane lagt fram. Les mer