Vil setje opp gjerde ved breen

Politiet har sperra av ved Briksdalsbreen, men frå neste sesong vil lensmannen ha opp eit 1,20 meter høgt gjerde.
Foto: Politiet
Politiet har sperra av ved Briksdalsbreen, men frå neste sesong vil lensmannen ha opp eit 1,20 meter høgt gjerde. Foto: Politiet
For å hindre nye ulukker må det setjast opp eit 1,20 meter høgt gjerde framfor Briksdalsbreen.
Mobil: 91385127
Publisert: 01.09.2010 kl. 11:54
Endret: 01.09.2010 kl. 11:54

Det meiner lensmann i Stryn og Hornindal, Inger-Lill Lanes.

– Det er skilta godt og sett opp kjetting, men det viser seg at det ikkje er godt nok. Turistane stoppar ikkje der dei skal, seier Lanes.

Cruiseturist

Ein tysk turist ligg framleis kritisk skadd på Haukeland Universitetssjukehus etter at han fekk ei isblokk over seg sist torsdag. Han ligg på intensivavdelinga, men tilstanden skal vere stabil.

Mannen som var passasjer på eit cruiseskip i Geirangerfjorden, var på dagsutflukt til Briksdalen.

Gjerde. Lanes rår til at det blir sett opp eit 1,20 meter høgt gjerde.

– Turistane må stoppast fysisk. Eg er ikkje glad for det i forhold til allemannsretten og retten til å ferdast fritt, men å hindre nye ulukker veg tyngst, seier Lanes etter å ha vore på synfaring i Briksdalen.

Då såg ho sjølv at det stadig gjekk små ras frå breen.

Eige ansvar

Det er ikkje snakk om å gjerde inne eit stort området. Det vil alltid vere muleg å kome seg forbi eit gjerde.

– Vi kan ikkje gjerde inne heile Norge. Det vil alltid vere fare og risiko, men i Briksdalen er det spesielt. Det er lett å kome dit og området er tilgjengeleg for alle, seier Lanes og minner om at det framleis vil stå skilt om at all ferdsel er på eige ansvar.

I tillegg til høgt og solid gjerde, rår lensmannen også til at det blir sett opp nye, store informasjonsplakatar.

Relaterte artikler

På forsiden nå

Tester «månelanding» for Ormen

Nyhamna i Aukra har et av verdens største testlaboratorium. Og trolig det dyreste. Les mer

– Ei redningsbragd av dei heilt store

Dei trudde sjølve det var umogleg, og er djupt imponerte over at Sea King-mannskapet makta å finne og berge livet til den islandske fiskaren Eirikur Ingi Jóhansson. Les mer

Fem gode torskeår

Femårsvarsel for fiskebestandane lagt fram. Les mer