Ferjetrøbbel på Nordøyane

Bilferja "Os" er ute av drift mandag morgon. Det er uvisst når den kan setjast inn i rute. Bilete er frå eit tidlegare havari. (Arkiv) Foto: Espen Myskja

Men frå klokka 13.05 fredag vert det normal drift.

Publisert: 02.09.2010 kl. 20:54
Endret: 03.09.2010 kl. 10:00

Torsdag kveld fekk ferja «Os», som opererer mellom Skjeltene, Lepsøya og Haramsøya i Haram kommune, trøbbel med propellmanøvreringa. Ferja er førebels innstilt, og ein skyssbåt vart sett inn for dei reisande.

– Vi må no finne ut kva som er problemet og få det fiksa snarast, fortel Ottar Frode Austnes i Tide.

Ferjeproblema føre til at ingen kan ta med bil over fjorden. Det er uvisst kor lang tid det vil ta å rette feilen.

– Er vi heldige håpar vi å kunne vere oppe å gå igjen i løpet av kvelden, seier Austnes.

Oppdatering: Fredag morgon melder Tide at bilferja «Os» framleis er ute av drift, men der vil bli normal drift i sambandet frå klokka 13.05.

- Sambandet blir da trafikkert av MF "Austevoll". Tide Sjø beklager på det sterkeste de ulemper dette har medført for våres reisende, heiter det i ei melding frå rederiet.

På forsiden nå

Tester «månelanding» for Ormen

Nyhamna i Aukra har et av verdens største testlaboratorium. Og trolig det dyreste. Les mer

– Ei redningsbragd av dei heilt store

Dei trudde sjølve det var umogleg, og er djupt imponerte over at Sea King-mannskapet makta å finne og berge livet til den islandske fiskaren Eirikur Ingi Jóhansson. Les mer

Fem gode torskeår

Femårsvarsel for fiskebestandane lagt fram. Les mer