Endra vernetiltak for kysttorsken

Verna. Endra vernetiltak skal sikre torskebestandane også i framtida. arkivfoto: Roger Engvik
Verna. Endra vernetiltak skal sikre torskebestandane også i framtida. arkivfoto: Roger Engvik
Vernetiltaka for kysttorsken blir skjerpa frå 2011 med fiskeri- og kystdepartementet sine nye endringar.
Martine Søvik Gunnarsdottir
Publisert: 03.09.2010 kl. 00:49
Endret: 03.09.2010 kl. 09:28

– På lang sikt er det i alle si interesse å ha sterke, lokale torskebestandar, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg Hansen.

– Hovudutfordringa er å få til ei regulering som reduserer uttaket av kysttorsk, samtidig som vi held oppe eit tradisjonelt fiske og næringsaktiviteten langs kysten.

Fiskeri- og kystdepartementet har på bakgrunn av tilstanden til bestandane av kysttorsk, og etter råd frå Havforskningsintituttet og Det internasjonale råd for havforsking, innført ei rekkje vernetiltak for å avgrense yrkesfisket og fritidsfisket av kysttorsk. Dei første tiltaka vart innførte i mai 2004 og er sidan utvida og justerte.

Målet er å sikre fullt reproduksjonspotensial for bestandane av kysttorsk, noko som inneber ei ytterlegare skjerping av vernetiltaka frå 2009.

Nye tiltak

Blant dei nye tiltaka som gjeld frå 2011 er mellom anna at:

a. Minstemålet på torsk og hyse frå 62 til 64 breiddegrad blir endra til høvesvis 47 cm og 44 cm (tidlegare 40 cm og 31 cm)

b. Høvet ferskfisktrålarane har hatt til å fiske mellom 4 og 6 nm fell bort.

c. Lysfiske etter brisling og sild blir forbode.

d. Sør for 62 grader N blir minste maskevidd for garn sett til 126 mm. (2012)

e. I fritidsfiske blir tillaten garnmengde redusert frå 210 meter til 165 meter.

f. Fritidsfiskarane sitt høve til å fiske torsk for omsetning blir avgrensa til 1000 kg torsk per utøvar og per fartøy.

På forsiden nå

Tester «månelanding» for Ormen

Nyhamna i Aukra har et av verdens største testlaboratorium. Og trolig det dyreste. Les mer

– Ei redningsbragd av dei heilt store

Dei trudde sjølve det var umogleg, og er djupt imponerte over at Sea King-mannskapet makta å finne og berge livet til den islandske fiskaren Eirikur Ingi Jóhansson. Les mer

Fem gode torskeår

Femårsvarsel for fiskebestandane lagt fram. Les mer