(Foto: Illustrasjon: Via Nova AS)

Foto: Illustrasjon: Via Nova AS

Her er Storfjordbrua

Ei bru over Storfjorden, inklusiv nye vegar på kvar side, kjem på 4,3 milliardar kroner.

I går vart oppdaterte prosjektplanar lagt fram på eit informasjonsmøte som Storfjordsambandet ASA heldt i Storfjord kulturhus.

– Prosjektet er ikkje blitt noko dyrare. Men det er jo nok, sånn sett. Så vi ser for oss eit tidsperspektiv på 10–15 år før vi kan kome i gang.

Det seier Jan Kåre Aurdal, styreleiar i Storfjordsambandet.

Det var Rolf Larssen frå firmaet Aas Jakobsen AS som la fram dei oppdaterte planane.

Uvanleg lang

– Vi må flytte nokre merkesteinar med dette prosjektet, sa Larssen – og vedgjekk at det ikkje er noko standardbru dei ser for seg over Storfjorden mellom Sandvik i Sykkylven og Glomset i Skodje.

For ho blir uvanleg lang, til hengjebru å vere – med eit spenn på heile 2.300 meter og ei total lengd på 3.600 meter.

Hovudspennet på Storebæltbrua i Danmark er til samanlikning 1624 meter. Den brua i verda med lengst spenn i dag, 1991 meter, finn vi i Japan.

Splitta køyrebane

– Hardangerfjordbrua, som er under bygging, vil få eit hovudspenn på 1310 meter, la Rolf Larssen til.

Men Aas Jakobsen AS meiner dei har lansert ei bru som det let eg gjere å byggje og å drive.

– Det blir splitta køyrebane, med eitt felt på kvar side. Dette gjer ho dyrare, men må til for å få ho stabil. Brutårna, som blir 320 meter høge, skal stå på eit skjer på eine sida og på ei grunne på den andre, forklarte Larssen.

Brua er dimensjonert for å tole kraftig vind, og fem meter høge bølgjer.

– Seglingshøgda er 70 meter, medan kravet i dag er 62 meter, legg Larsen til.

Storfjordsambandet ASA vart skipa i 1987 og har seinare gått inn for det eine alternativet etter det andre. Først var det tunnel som var det rette, seinare nedseinka rørbru. Flytebru har også vore inne i biletet.

– Tunnel er ikkje aktuelt fordi fjorden er 400 meter djup. Då må ein ytterlegare 200 meter ned for å byggje ein tunnel, sa Rolf Larssen.

Vegdirektoratet har stilt seg kritisk til røyrtunnel, og flytebru må kombinerast med ei anna bru for å sleppe skipa forbi.

Mogleg

– Teknisk er det mogleg å byggje brua. Utfordringa blir å få løyvd nok midlar, for her må det til ein miks mellom bompengar og statlege løyvingar. Og det er lite vegpengar for tida, seier Jan Kåre Aurdal, styreleiar i bruprosjektet.

På møtet i går var ein oppteken av å sette brua inn i eit større samferdsleperspektiv, med oppgraderte og delvis nye vegar frå #<\c>Oppland grense, via Hornindal til Digernesskiftet i Skodje.



Har du meiningar om dette gigantprosjektet?

Mer å lese på Sunnmørsposten:
 
(Foto: GoogleMaps)

Foto: GoogleMaps

Leses nå
 

Forsiden nå:

Vil produsere meir i Norge

Sykkylvs-bedrift flyttar arbeid heim

Dei er underleverandørar til møbelindustrien, og skal no gjere meir av arbeidet heime. Difor flyttar dei aktivitet frå Litauen til Sykkylven. Det betyr fleire arbeidsplassar i Norge.

Skiskyting

Det gror godt bak brødrene Bø

Oskar Guddal Breivik fører de sterke skiskyttertradisjoner videre i Markane IL.

Sindre Eid roar Hødd-supporterane trass Brattvåg-tap og Molde-slakt:

- Ikkje grunn til bekymring

Sindre Eid innser at Hødd har ein solid jobb å gjere før sesongstarten. Men han er overbevist om at Hødd då skal kjempe i toppen av 2. divisjon.