Herøy:

Fattige i rik kommune

NAV-leiar Berit Lyngstad i Herøy seier fattigdom kan oppleavst verre når ein bor i ein kommune der det er tett mellom millionærane. 
Foto: Torill Myren
NAV-leiar Berit Lyngstad i Herøy seier fattigdom kan oppleavst verre når ein bor i ein kommune der det er tett mellom millionærane. Foto: Torill Myren

Herøy har rekordmange rike. Samtidig set kommunen i gang tiltak mot barnefattigdom.

Mobil: 90201235
Publisert: 21.10.2010 kl. 11:36
Endret: 21.10.2010 kl. 14:03

59 personar i Herøy har ein formue på over 10 millionar kroner. Det set kommunen i ei særstilling på Nordvestlandet. Rett nok har Stordal så vidt fleire med meir enn ti millionar i formue i prosent av folketalet. Men Herøy har flest. Fleire enn Ulstein. Og langt fleire enn dei andre kommunane. Ålesund har sjølvsagt flest i reinte tal, men der er formuetettheita langt lågare enn i Herøy.

Samtidig med at det er mange med svært mykje pengar i Herøy, er det også tett mellom dei som har mykje pengar.

Og midt i den situasjonen vedtek kommunestyret med pengestøtte frå Fylkesmannen å opprette ei treårig prosjektstilling til kamp mot barnefattigdom.

Sjekk skatten: Her er vårt skattesøk

Fattige

SSB fortel om 224 fattige personar i Herøy. Og no skal eit prosjekt førebyggje og redusere fattigdom og sosial eksklusjon mellom barn og unge og barnefamiliar som får støtte frå NAV/sosialtenesta.

Forskjell på folk

At det er forskjell på folk i Herøy kjem også fram i visitasmeldinga frå Herøy kyrkje i samband med biskop Ingeborg Synøve Midttømme sitt besøk i januar i år.

I meldinga står: «I takt med den aukande private velstanden har det funne stad ein rivande utvikling på butikk- og kafe/restaurantsektoren i lokalsamfunnet. Folk «går ut» i langt sterkare grad enn berre for 10 år sidan, og dei tek gjerne del i kulturarrangement utan sideblikk til kostnaden. Dette gjer det ikkje lettare for dei med dårleg økonomi å henge på.

Det er viktig å vere «vellukka», og dette viser seg i lett synleg luksus. Dei som ikkje har høve til slikt, har difor lite «å skjule seg bak», og presset kan bli stort, melder sosionomane.»

Vil auke sosial inkludering

Berit Lyngstad er leiar ved NAV-kontoret i Herøy som skal køyre prosjektet mot barnefattigdom. Ho seier det i Norge ikkje handlar om barn som manglar hus, kle og mat.

– Men dei manglar gode opplevingar andre tek for gitt. Det kan vere slikt som skuletur eller bursdagar.

Lyngstad seier dei gjennom dette prosjektet ønskjer å førebygge gjennom å auke sosial inkludering.

– Det er familiar i Herøy som har veldig stram økonomi, og når det er barn i familiane, veit vi at dei ikkje får delta på ting andre tek for gitt.

Vanskeleg i lite samfunn

NAV-leiar Lyngstad peiker på at Herøy er eit lite lokalsamfunn.

– Og sjølv om Herøy ikkje kjem direkte dårleg ut på offentlege statistikkar over fattigdom, så er det langt mellom dei vi les om når skattelistene vert presenterte og dei som får tenester av oss. Og det opplevast kanskje endå verre i eit lite lokalsamfunnet der det er veldig mykje rikdom.

Ikkje legg lista høgt

Berit Lyngstad seier det beste rådet ho kan gi til folk flest er å ikkje legge lista så høgt når det gjeld fellesaktivitetar at det verkar ekskluderande.

– Ein kan kanskje tenke på korleis ein for eksempel feirar bursdag. Skal alle på restaurant, eller er det framleis ok å bake bollar og ha selskapet heime?

Gjennom prosjektet «Barnefattigdom» håper ein å få sett i gang tiltak for barn og unge.

– Vi kan få til betre løysingar for dei barna og unge som det gjeld uavhengig av familien sin situasjon.

På forsiden nå

Smak av gamle dager

Aktivitetsdag ved Sunnmøre Museum, onsdag 22. februar. Se bildeserie

- Til Viking

Bjørn Helge Riise vil hjem til Norge når kontrakten med Fulham går ut. Ifølge TV2 har han inngått en muntlig avtale med Viking. Les mer

Smittsom sjukdom hos moskus

Fem moskuskalver på Dovrefjell avlivet på grunn av munnskurv. Sjukdommen kan smitte til mennesker. Les mer

Nattestengt på fv 63 Eidsdal - Geiranger

Fra klokka 19, onsdag, på grunn av rasfare. Les mer

Kollisjon stengte Måndalstunnelen

To menn lettere skadd. Tunnelen stengt fra rundt klokka 16.15, onsdag og i rundt halvanna time. Les mer