(Foto: Svein Nordal)

Foto: Svein Nordal

Kaos i Aasen-land

Full nynorsk-krig mellom rektor og professor ved Høgskolen i Volda.

– Professor Stephen Walton har ein eineveldig leiarstil etter engelsk modell. Han har mista all tillit.

Denne kraftsalva kjem frå professor Jørgen Amdam på Høgskulen i Volda.

Nynorskfeide

Høgskulen vurderer å kutte mastergradsutdanninga i nynorsk skriftkultur, ei utdanning som vert organisert av Walton sitt Ivar Aasen-institutt

Amdam er svært kritisk til Walton og Ivar Aasen-senteret si organisering.

Ikkje innsyn

– Leiinga og styret har fått lite innsyn i ressursbruken i Ivar Aasen-institituttet, og vi har ikkje fått noko fagleg evaluering av studiet, seier Amdam.

Han fortel at Walton i periodar var borte frå instituttet.

– Vi visste ofte ikkje kvar han var. Han hyrte inn vikarar, og vi fekk klager frå studentar, seier Amdam.

– Du kan trygt seie at Walton etter kvart mista både støtte og tillit frå fagmiljøet og leiinga. Walton var eineveldig, og såg på all innblanding frå leiinga som utidig, seier rektoren.

Feil

– Det Amdam seier er heilt feil, og som leiar burde han ta det opp på ein personalsamtale og ikkje gjennom media, seier professor Stephen Walton.

Han meiner å ha støtte frå både nære kollegaer og studentar, som meiner det er heilt bak mål av rektoren å kome med slik kritikk gjennom media.

Walton seier vidare at styret har krav og på skal få innsyn i alt dei ber om, at reising var ein del av jobben hans og at han ikkje ynskjer å spisse konflikten endå meir. Han ynskjer difor ikkje å forfølgje saka vidare.

Oppfyller ikkje krava

Prorektor Anne Øie fortel at masterstudiet til Ivar Aasen-instituttet på ingen måte tilfredsstiller kvalitetskrava.

– Sidan 2004 er det uteksaminert berre to mastergradsstudentar i året, mot ideelt sett femten. Og styret har aldri fått noko evaluering av kvaliteten på studiet, seier Øie.

Uoversiktleg

Øie og Amdam meiner organiseringa må revurderast. I dag er det nynorske fagmiljøet det reine konglomeratet.

– Fagmiljøet er delt mellom Ivar Aasen-institituttet, Nynorsk-senteret, lærarutdanninga og mediefag. Det gjev lita slagkraft utover, seier Amdam.

Mållagskritikk

Høgskulestyret utsette i går endeleg vedtak i saka. Leiar i Noregs Mållag, Håvard Øvregård, var til stades på styremøtet.

– Skulle ein velje å leggje ned mastergradsstudiet, så er det jo ei nedbygging. Mållaget har ikkje noko syn på konkret organisering av det nynorske fagmiljøet på Høgskulen i Volda, seier Øvregård, som meiner rektoren burde ha tatt opp problema med Walton internt.

Mer å lese på Sunnmørsposten:
 
(Foto: Svein Nordal)

Foto: Svein Nordal

Leses nå
 

Forsiden nå:

30 år med hår

Cancam Frisør fyller 30 år denne uken og feirer med gratis klipp til de som fyller 30 i løpet av uka.

Skal vi Danse

No skal bloggar Marna danse for folket

Den utflytte Ørsta-bloggaren Marna Haugen Burøe har mista både matlysta og nattesøvnen etter at ho sa ja til å vere med i det populære TV-programmet «Skal vi danse».

Romsdalsstigen åpnet

- En stor dag for Rauma

Romsdalsstigen Via Ferrata på Nesaksla åpnet onsdag. Stor optimisme for reiselivsnæring

Toppkamper i 4. – og 5. divisjon sendes på smp.no torsdag og fredag

– Det er flaut å måtte møte Volda 2

Å rykke ned til 5. divisjon svei ekstra mye for Ørsta med Volda 2 i samme divisjonen. Torsdag kan opprykk og møte med Voldas førstelag nesten være i boks.

Buss kjørte ned trafikklys

En buss har kjørt inn i et trafikklys på Hellebroa i Ålesund, melder politiet.

Treng to båtar for å flytte trålarvraket

Det må to ankerhandteringsfartøy til for å få flytta trålarvraket i Hundeidvik. Dei må iallfall ha eitt skip i bakhand.