Vil ha fengsel for pasientsex

Aktoratet krev fengsel i eitt år for sjukepleiaren som er tiltalt for å ha hatt eit seksuelt forhold til ein pasient.

Mobil: 98047082
Publisert: 11.03.2011 kl. 20:19
Endret: 11.03.2011 kl. 20:21

Påstanden er fengsel i eitt år, der 120 av dagane vert på vilkår, seier politiadvokat Arne Roti til Sunnmørsposten.

I tillegg krev bistandsadvokaten til den fornærma kvinna at ho får ei oppreisning på 200.000 kroner.

Psykiatri

Dei siste tre dagane har saka mot mannen i 40-åra pågått i Fjordane tingrett.

Ifølgje tiltalen skal mannen ha skaffa seg seksuell omgang ved å misbruke stillinga si.

Kvinna var psykiatrisk pasient, mannen var ein av dei ho hadde kontakt med i samband med behandling. Ved fleire høve, og fleire stader i Sogn og Fjordane, skal dei to hatt kontakt. Dette skjedde frå sommaren 2008 og i eitt år fram i tid.

Dom før april

Advokat Per Kjetil Stautland er forsvarar for mannen. Stautland har tidlegare sagt at klienten har erkjent straffskuld, har teke konsekvensen av saka og avslutta jobben han var i.

Sunnmørsposten prøvde fredag kveld å få ein kommentar frå advokaten, men klarte ikkje å oppnå kontakt med Stautland.

Det er forventa at dom i saka kjem mot slutten av månaden.

Relaterte artikler

På forsiden nå

Velkommen sommer!

Så kom sommerværet, og vår fotograf Roger Engvik har vært ute og festet tydelige tegn på video. Les mer

 

Hødd viser nedrykksform

Seks tap på de sju første seriekampene. Les mer

Her kan det bli streik fra torsdag

Fra torsdag vil 22 barnehager, skoler, helsestasjoner og omsorgssenter i Ålesund bli tatt ut i streik hvis partene ikke blir enige. Les mer og se oversikten over virksomhetene som kan bli ramma

Må avlyse Grodås Cup

Etter at kastevind ruska opp i det nesten ferdiglagte kunstgrasdekket. Les meir

Øvde på redning i loddrett terreng

330-skvadronen og Sunnmøre Alpine Redningsgruppe har øving måndag ettermiddag og kveld. Les meir