Gull for sunnmørsfilm og Nordfjord-kunst

Ved kantina til Stryn vidaregåande skule er to illustrasjonar monterte på relieff, slik at kvar illustrasjon er synleg frå kvar sin vinkel.
Ved kantina til Stryn vidaregåande skule er to illustrasjonar monterte på relieff, slik at kvar illustrasjon er synleg frå kvar sin vinkel.

Tre lokale gull i designkonkurransen Visuelt.

Mobil: 98047082
Publisert: 07.05.2011 kl. 20:37
Endret: 08.05.2011 kl. 15:26

Farmhouse og nordfjordingen Torgeir Stige vann fredag gull i designkonkurransen Visuelt. Prisen, som vart delt ut på Folketeateret i Oslo, fekk dei for utsmykkinga av Stryn vidaregåande skule.

I si grunngjeving jubla juryen for "ypperlig bruk av illustrasjon i så stor skala! Utsmykningen er tilsynelatende enkel, men blir mer og mer kompleks jo mer man ser. Dette er et prosjekt man sent blir lei og gjerne ser hver storefri."

Utradisjonelle illustrasjonar

To illustrasjonar er montert på relieff ved kantina til skulen, slik at kvar illustrasjon er synleg frå kvar sin vinkel.

"I staden for den tradisjonelle måten å skape denne effekten på, med mange tosidige søyler montert horisontalt vart det utforma eit meir fragmentert relieff, for å gje ein glidande overgang mellom dei to illustrasjonane", seier Farmhouse sjølv om arbeidet.

Illustrasjonane er laga av Torgeir Stige frå Sandane. Farmhouse er eigd av Moods of Norway, Gro Flølo, Kunnskapsparken Sogn & Fjordane og Stryn Næringshage.

Film om Norangsdalen

I kategorien "Moving Image" fekk Kristian Pedersen gull, for poesifilmen Norangsdalen. Filmen er eit levande visuelt uttrykk av poeten Erlend O. Nødtvedt sin tekst om Norangsdalen, eitt av dei trongaste dalføra i Norge.

- Eg har i filmen forsøkt å unngå å utfordre tolmoda til sjåaren i forhold lengde, i håp om at andre ønskjer å sjå filmen ferdig, dele han vidare eller sjå han fleire gonger", seier prisvinnaren.

Ny dimensjon

Juryen meiner mellom anna at animasjonen til Pedersen gir teksten ein ny dimensjon.

"Filmen åpner opp for betrakterens egne bilder. Utøveren gjør visuell poesi sammen med forfatteren, og balanser et imponerende samspill med både innholdet i teksten, og fremførelsen av den. Et arbeid i en klasse for seg", står det i grunngjevinga.

Gull og stipend

Studenten Signe-Lill Valkvæ frå Ramsvika fekk gull og stipend i klassen for illustrasjon/studentarbeid.

Valkvæ, som studerer ved Designskolen Kolding i Danmark, har illustrert dikt for Dorotheé Billard og Ken Denning. Ifølge juryen stikk arbeidet seg ut "med en sterk og særegen stemme. Juryen lot seg forføre av et uttrykk som er modig og ikke nøler, og er spent på å se hvor utøveren vil gå videre".

Alle vinnararbeida er lagt ut på www.visuelt.org/vinnere.

Diskuter denne saken

Innsendt av Stavbergsetra 08.05.2011 11:23:57 Varsle!

Den gullfilmen som er inspirert av Norangsdalens villhet skulle vi gjerne ha sett.

Innsendt av Eldar Valkvæ 08.05.2011 00:10:12 Varsle!

Det blei 3 GULL TIL SUNNMØRE. I Illustrasjon fekk studenten Signe-Lill Valkvæ fra Ramsvika Gull og stipend i klassen for Studentarbeid.

Innsendt av Nils Ove Støbakk 08.05.2011 15:29:19 Varsle!

Tusen takk for tipset. Har lagt til eit avsnitt om Signe-Lill.

 

Skriv din kommentar

Tittel *

Kommentar *

Fornavn *

Etternavn *

e-post *

Kallenavn (valgfritt)

Nyheter fra Sunnmørsposten - Nordvestlandets største avis ønsker en åpen og saklig debatt. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og eventuelt fjerne innlegg. Klikk her for å lese alle reglene for debatten.
Slik ser relieffet ut frå andre sida.
Kristian Pedersen fekk gull for poesifilmen Norangsdalen. Foto: Jan Erik Svendsen / Grafill

Dette er Visuelt

  • Konkurranse for utøvarar av visuell kommunikasjon.
  • Open for både profesjonelle utøvarar og studentar.
  • Vinnarane vart hylla under Visueltdagene 5.-6. mai i Oslo.
  • Visueltdagene er eit årleg samlingspunkt for bransjen, og inneheld faglige seminar, prisutdeling og fest.
  • Visuelt vert arrangert av Grafill, ein interesseorganisasjon for alle som arbeidar eller utdannar seg innan visuell kommunikasjon.

På forsiden nå

Festdag i Ulstein

Feira at Ulstein er Norges mest attraktive stad. Les mer

Her rives Møller-fasaden

Tonnevis av betong på veg ned fra veggene til det gamle kjøpesenteret. Les mer og se video 1 kommentarer

- Ville skåne familie og venner

Kjetil Rekdal snakker ut om mediepausen. Se videointervju

Solskjær: - Jeg er ferdig med saken

Molde-manageren mener klubben kan komme styrket ut av bråket. Les mer

- Bruker for mye tid på Nordøyvegen

- Et halvt år med saksbehandling koster 50-60 millioner kroner. Les mer