To jenter til sjukehus

Ein bil med fire ungdomar i velta i Velledalen måndag kveld. To jenter vart sende til sjukehus.

– Dei to jentene, som er i tenåra, vart frakta til Ålesund sjukehus. Vi kjenner ennå ikkje til skadeomfanget på dei to, sa operasjonsleiar Einar Rostad i Sunnmøre politidistrikt like før midnatt i går kveld.

Velledalen

Rostad fortel at politiet fekk melding klokka 22.06 om trafikkulykka på fylkesveg 60 i Velledalen.

– Ulykka skjedde ved enden av Fetvatnet, og bilen med dei fire i var då på veg i retning Sykkylven, fortel Rostad.

Politiet har fått opplyst at bilen kom utfor asfaltkanten, og at føraren, som er i 20-åra, dermed mista kontrollen over køyretyet.

Gjekk rundt



– Bilen gjekk rundt og vart liggjande i vegbanen, forklarer Einar Rostad.

Både politi, ambulanse, brannvesen og ambulansehelikopter vart rekvirert til ulykkesstaden.

Personane i bilen var heimehøyrande i Stranda og Sykkylven, fekk Sunnmørsposten opplyst i går kveld.

Stengd. Fylkesvegen var stengd i ein kortare periode i går kveld medan redningsarbeidet pågjekk.

Politiet opplyser at dei no skal etterforska ulykka nærare.

Mer å lese på Sunnmørsposten:
 
Leses nå
 

Forsiden nå:

MAROFF fordeler 152,8 millioner til bedrifter:

Millioner til maritime bedrifter

Forskningsrådet har fordelt 152,8 millioner kroner til 19 innovasjonsprosjekter i næringslivet for maritimt sektor (MAROFF). Sju av dem i Møre og Romsdal.

Byggjer ny ferjekai i Volda:

Sikrar ferjedrift og nattesøvn i byggeperiode

Til våren startar arbeidet med ny ferjekai i Volda. Ferja skal gå som normalt i byggeperioden, og arbeidet med påling vil berre skje på dagtid.

Her ble det bom stopp

Lastebil kjørte seg fast under gangbro

Alan Walker til Jugendfest

Alan Walker er klar for Jugendfest til sommeren, meler Momentium.