Er stolte av Ivar Aasen

– Det er eigentleg litt stas å få gjere dette.

Det synest 16-åringane Sivert Aarflot Eikrem og Marthe Storborg Sæbønes, som skal vere programleiarar under opninga av Dei nynorske festspela i dag.

Sunnmørsposten møter dei dagen før dagen i Ivar Aasen-tunet i Hovdebygda.

– Alle i Hovdebygda er stolte av Ivar Aasen, og av tunet her. Og eg er stolt av å vere herifrå, seier Sivert.

Språk

Både han og Marte bur i same bygda som Ivar Aasen var ifrå, og dei to ungdommane kjenner seg knytte til nynorskens far.

– Han skapte det språket som no er vårt. Det hadde vorte feil om vi måtte skrive bokmål, når dialekten vår er så nær nynorsk, synest 16-åringane.

Marthe og Sivert er godt kjende i Aasen-tunet, men ingen av dei har vore på Dei nynorske festspela tidlegare.

– Men no har vi fått slike armband som gjer at vi kan sleppe inn på alle arrangement, så det er klart vi skal få med oss litt, seier Sivert.

Camp

Saman med klassekameratar frå Ørsta ungdomsskule, hadde han og Marthe gründercamp i nettopp Aasen-tunet.

– Vi laga ein film om Aasen-tunet, retta mot ungdom. Den blir vist når skuleklasser kjem på besøk og skal lære om Ivar Aasen. Tunet er faktisk ganske spennande, og ikkje så kjedeleg og gammaldags som mange ungdommar ser føre seg, seier Marte. Ho trur nok at det er gründercampen som er årsaka til at ho og Sivert vart spurde om programleiarjobben.

Bunad

– Det er jammen kjekt å verte spurt om ein slik jobb. Vi skal ha bunad begge to, det blir skikkeleg høgtideleg. Så er det berre å leggje siste hand på manus, øve seg på å ønskje velkomen med eit stort smil, og tenkje på å snakke høgt og tydeleg.

– Det er klart vi skal ta med noko om Hovdebygda. Og så han Ivar, sjølvsagt, smiler Sivert.

Tale

Det er festspeldiktar Bjørn Sortland som skal starte opningshøgtida i Ivar Aasen-tunet torsdag. Opningstalen vert halden av Terje Lyngstad, teatersjef for Sogn og Fjordane teater. Seinare på kvelden står syskena Kari, Ola og Lars Bremnes for opningskonserten på utescenen i tunet.

Mer å lese på Sunnmørsposten:
 
Leses nå
 

Forsiden nå:

Norgesraidet ble stoppet på Moa

Hadde planlagt «vanntett» svindel – slik ble de avslørt

De betalte tilsynelatende med egne kredittkort og skjulte sporene sine. I løpet av få dager hadde de kofferter fulle av kostbar elektronikk, smykker og parfyme.