Stipend for talent og draumar

Kristine Roald Sandøy frå Vigra har hamna i eit skikkeleg prisrush.
Nyheter

Laurdag fekk 28-åringen 100.000 kroner frå Sparebanken Møre i form av eit Gnist-stipend. Om knapt to veker vert ho tildelt Anders Jahres stipend for unge kunstnarar. Også dette er 100.000 kroner. Skulptør. Kristine Roald Sandøy er nyutdanna frå Kunsthøgskulen i Oslo med skulptur som fag. Sjølv om ho er ung og fersk i faget har ho likevel oppnådd stor respekt i faget. Ho skal mellom anna ha med arbeid under Norsk skulpturbienale i Vigelandsmuseet.

– Å få eit slikt stipend frå Sparebanken Møre er vært kjekt og ikkje minst viktig for meg, fortel Kristine Roald Sandøy.

– Det er alltid kjekt at lokalmiljøet set pris på det arbeidet eg held på med. Det å kunne komme tilbake til Vigra ein gong om ikkje for lang tid og kunne etablere meg med eige atelier nær naturen er ein draum for meg. Kristine Roald Sandøy arbeider med skulpturar i metal.

- Eg arbeider med store, lette, luftige linjer. Dette er beveglige skulpturar som skal gjere folk nyskjerrige og glade. Gi sjansen. Banksjef Arve Røyset i Sparebanken Møre var og oppteken av nettopp dette med å gje unge talent sjansen til å realisere draumar.

- Våre Gnist-stipend skal gå til nettopp slike som Kristine. Ho er i starten av ei karriere. Ho har draumar, ho har talent og ho ynskjer å berike lokalmiljøet med kreativitet og posivitet. For oss er det viktig å støtte slike. Eg håper at vårt bidrag kan vere med å gjere at Kristine er eitt steg nærare draumen, sa Røyset då han laurdag delte ut Gnist-stipendet til skulptøren. Og første veka i september ventar neste prisutdeling for Kristine. Anders Jahres for yngre kunstnarar er ein av dei mest prestisjefylte ein kan få i Norge. Også det er på 100.000 kroner.