Fare for kutt i rehabiliteringstilbod

Administrerande direktør Astrid Eidsvik i Helse Møre og Romsdal.
Foto: Morten Hjertø
Administrerande direktør Astrid Eidsvik i Helse Møre og Romsdal. Foto: Morten Hjertø

Direktør Astrid Eidsvik i Helse Møre og Romsdal vil ikkje foreslå endring i fødetilbodet ved sjukehusa i fylket. Men rehabiliteringstilbodet på Nevrohjemmet i Ålesund eller på Mork i Volda kan bli lagt ned.

Mobil: 90197723
Mobil: 90027211
Publisert: 14.09.2011 kl. 14:52
Endret: 14.09.2011 kl. 17:02

På ein pressekonferanse onsdag ettermiddag gjorde Eidsvik det heilt klart at alle sjukehusa skal ha eit akutt-tilbod. Ålesund sjukehus skal som einaste sjukehus ha både ortopedi- og kirurgivakt, Volda og Kristiansund skal ha ortopedivakt, medan Molde skal ha kirurgivakt.

Men helseforetaket står framfor andre store utfordringar i budsjettarbeidet når det skal gjerast kutt i størrelseorden 124 millionar. Onsdag ettermiddag opplyste direktør Eidsvik at fem arbeidsgrupper skal settast ned for å greie ut den faglege utviklinga, når Helse Møre og Romsdal skal møte dei økonomiske realitetane.

Den eine arbeidsgruppa skal sjå på det framtidige tilbodet innan rehabilitering og Eidsvik ser det som naturleg at det spesialiserte rehabiliteringstilbodet i fylket blir redusert frå tre til to. I dag er det to rehabiliteringstilbod på Sunnmøre, på Nevrohjemmet i Ålesund og eitt på Mork i Volda, samt eitt i Aure. Eitt av desse blir altså vurdert fjerna for å spare pengar. I tillegg er det aktuelt å samle det spesialiserte tilbodet til kun ein institusjon.

- Kva for ein institusjon som kan bli fjerna blir det opp til arbeidsgruppa å sjå nærare på, sa Astrid Eidsvik til smp.no etter pressekonferansen onsdag.

Formelt har arbeidsgruppa fått denne føringa: "Det vil vere naturleg å konsentrere det framtidige spesialiserte rehabiliteringstilbodet i fylket om to rehabiliteringsinstitusjonar".

Krevjande prosess.

Ho la ikkje skjul på at 2012 blir eit krevjande budsjettår.

- Vi må likevel ha fokus på grunnverdiane våre framover for å sikre at innbyggjarane i Møre og Romsdal fortsatt skal oppleve at dei får eit fagleg godt tilbod i spesialisthelsetenesta vår. Verdiane – kvalitet, tryggleik og respekt - skal vere basisen for dei endringane vi må gjere framover, sa Eidsvik.

Det fem arbeidsgruppene skal greie ut korleis helseforetaket skal gjennomføre ei auka grad av funksjonsfordeling allereie frå og med 2012.

Gruppene skal sjå på fem forhold: Framtidig tilbod til barn og unge, framtidig tilbod innan rehabilitering, framtidig organisering av akuttkirurgi, effektivisering av administritive funksjonar og frantidig bruk av innan psykisk helsevern for vaksne.

Gruppene er samansette av tillitsvalde, brukarrepresentantar og fagfolk.

30 dagars frist.

Utgreiingane frå gruppene skal vere ferdige innan 15. oktober, slik at styret i helseføretaket kan behandle direktøren sine forslag til tiltak i møte 25. oktober. Enkelte av gruppene har så langt ikkje hatt sitt første møte, og får altså berre rundt 30 dagar på å kome med forslag til korleis dei skal spare pengar. Kvar gruppe får i oppdrag å spare rundt 10 millionar kroner kvar.

Men det er den korte tidsfristen som gjer direktøren mest uroleg.

- Det er svært kort tid. Om vi lukkast å kome i mål i løpet av så kort tid gjenstår å sjå, seier Eidsvik til smp.no.

Eidsvik seier at helsestyremaktene tydelegvis forventar ein reduksjon av tenestetilbodet på ubekvem arbeidtid.

- Det er tydeleg at ein forventar ein reduksjon i arbeidskrafta på ubekvem arbeidstid, samstundes som ein ønsker å auke dagarbeidskrafta, seier direktør Eidsvik.

Arbeidsgruppene sitt arbeid går vidare til Helse Møre og Romsdal sitt styre for behandling 25.oktober. Styrebehandla tiltak skal vere sendt til Helse Midt-Norge innan 1.november i år.

På forsiden nå

Festdag i Ulstein

Feira at Ulstein er Norges mest attraktive stad. Les mer

Her rives Møller-fasaden

Tonnevis av betong på veg ned fra veggene til det gamle kjøpesenteret. Les mer og se video 1 kommentarer

- Ville skåne familie og venner

Kjetil Rekdal snakker ut om mediepausen. Se videointervju

Solskjær: - Jeg er ferdig med saken

Molde-manageren mener klubben kan komme styrket ut av bråket. Les mer

- Bruker for mye tid på Nordøyvegen

- Et halvt år med saksbehandling koster 50-60 millioner kroner. Les mer