Kokebok for tronge tider

– Minestronesuppe er bursdagssuppe. Då berre hiv ein oppi meir etter kvart som det kjem meir folk.

Gunda Djupvik vil ikkje at folk skal ta det så tungt – eller dyrt. Difor har ho laga kokeboka «Smalhans».

– Alle har tronge tider av og til. Dette er ei bok for dei.

Tronge tider kan vere så mangt. Nokre har det som student når studielånet er brukt opp og det framleis er lenge til jul. Andre har det sjølv om ein ikkje er student. Og nokre har tronge tider i form av lite overskot og tunge tankar.

– Eg har sjølv vore gjennom periodar som ikkje har vore så lette. Eg merka då at det var lett å velje enkle løysingar. Men når eg begynte å bruke litt tid og krefter på mat igjen, så gav det tilbake kjensla av å ha styring på livet sitt, meistring.

Men boka er ikkje oppskrifter og krav.

– Vi må senke ambisjonsnivået litt, få folk til å møtast. Mat skaper møteplassar, er ein del av det sosiale livet. Det er koseleg å møtast rundt eit bord.

Og då passar for eksempel minestronesuppa inn.

– Ein begynner med litt løk og bacon, og eg bruker pastasaus på glas, og så hiv ein opp i meir. MInestronesuppe er bursdagssuppe hos oss, for då kjem etter kvart søsken og foreldre og vener og ... Og då er det berre og hive opp i meir etter kvart som det kjem meir folk.

Oppskrifter

Gunda fortel om ein oppvekst der det var fritt fram på kjøkenet og der ho for alvor slapp då ho var sjetteklassing og mora starta på lærarskulen. Sidan då har ho styrt med mat sjølv om yrket som jurist er det som gir til salt i suppa og smør på brødet.

Sidan 2003 har ho skrive matspalte i Sunnmørsposten annankvar veke. Alle oppskriftene er etter kvart samla på bloggen hennar. Og no er mange av dei samla mellom permar i ny den nye kokeboka «Smalhans» frå Samlaget.

Gjennom året har også jobba og samla stoff til ei saft- og syltebok som skal kome. Saman med forlaget vert det fabla om ei julebok, og tradisjonsmat på Sunnmøre kan også etter kvart kome til å bli til bok. Alt på nynorsk.

– For meg er mat på nynorsk. Det er ikkje noko spørsmål det.

Kvardagsfest

Boka har fått god mottaking og Gunda Djupvik er no på signeringsferd på Sunnmøre. I går var Gunda Djupvik på Høgskulen i Volda saman med matkulturstudentane. Måndag er ho på Bok&Media i Ulsteinvik. Tysdagskvelden vert det smaksprøver på Kaffikari i Ulsteinvik og onsdag møter ho matlærlingar i Sykkylven.

Noko av det ho er oppteken av er å formidle at ein skal bruke det ein har. – Sånn som eple. Eg lagar gele av eple og ein eplesirup som er nydeleg på is.

Matauk og basisvarer i tørrskapet kan gjere tronge tider til ein liten fest.

Mer å lese på Sunnmørsposten:
 
Leses nå
 

Forsiden nå:

Norgesraidet ble stoppet på Moa

Hadde planlagt «vanntett» svindel – slik ble de avslørt

De betalte tilsynelatende med egne kredittkort og skjulte sporene sine. I løpet av få dager hadde de kofferter fulle av kostbar elektronikk, smykker og parfyme.