Nedlegging kan gi millionsmell

Svein Berg-Rusten er pleie- og omsorgssjef i Volda. 
Foto: Svein Nordal
Svein Berg-Rusten er pleie- og omsorgssjef i Volda. Foto: Svein Nordal
Kommunane på søre Sunnmøre har verken råd, kompetanse eller kapasitet til å ta imot Mork-pasientane.
Svein Nordal
Publisert: 15.10.2011 kl. 07:00
Endret: 14.10.2011 kl. 19:03

– Eg ser dette som ein del av samhandlingreforma, som vert innført allereie frå nyttår, seier pleie- og omsorgsleiar Svein Berg-Rusten i Volda.

– Reforma går i korte trekk på at kommunane må overta mange og nye oppgåver innan helsesektoren. Frå nyttår må vi betale 4000 kroner per døgn for kvar utskrivingsklare pasient som framleis ligg på sjukehus, og vi må tilby nye tenester til eldre, utviklingshemma, rusavhengig, psykiatriske pasientar og andre. Utfordringane er enorme. Ei eventuell hastenedlegging av Mork-senteret “krydrar” det heile, seier Berg-Rusten.

Nei nei nei

– Er det klare til å ta imot slagpasientar og andre frå Mork?

– Nei, nei. Vi har verken kompetanse eller kapasitet til det.

– Kva betyr det?

– Vi har bygd ut institusjonane for 300 millionar kroner på sju år. Men alt er fylt opp. Vi må byggje nytt. Vi må også auke kompetansen til dei tilsette, tilsetje fleire, både på institusjonane og i heimebasert omsorg. Kva dette vil koste, er det uråd å vite no, men dyrt vert det. Svært dyrt.

Raserer 50 års kompetanse. Berg-Rusten ristar på hovudet over at ei arbeidsgruppe skal bruke berre tretti dagar på å vurdere om Mork eller ein av dei to andre rehabiliteringsinstitusjonane i fylket skal leggjast ned.

Arbeidsgruppa har fått frist til i dag med å konkludere.

– Mork har kompetanse som dei har bygd opp sidan 1960-talet. Vi kan ikkje erstatte det. Dermed vert behandlinga av pasientane dårlegare, færre kjem tilbake i jobb, og fleire er dårlegare når dei vert heimsende. Dette er også kostbart for samfunnet. Nokon burde rekne på samfunnsøkonomien i ei slik nedlegging, seier Berg-Rusten.

Vaklande reform

– Ei Mork-nedlegging forverrar vår situasjon medan vi er midt inne i den allereie vaklande Samhandlingsreformen, seiier rådmann Gudmund Sandnes.

Verken han eller Berg-Rusten har registrert ein einaste førespurnad frå Helse Møre og Romsdal om kommunane kan makte å ta imot denne pasientgruppa.

Nedprioritere

Helse-kommunalsjef i Ulstein, Marit Botnen, er på linje.

– Dette skjer svært brått, og kommunane har ikkje den kompetansen som skal til. Kanskje må vi nedprioritere pasientane vi allereie har for å gje eit godt nok tilbod til dei som burde ha vore på Mork, seier ho.

Helseleiar Roger Kvalsvik i Herøy kommune seier:

– Vi manglar kompetanse til dette no. Skal vi byggje oss opp, er det både dyrt og tidkrevande. Eg vil ikkje tru på ei Mork-nedlegging før eg ser det.

Vaklande. – Ei Mork-nedlegging kjem på toppen av ei allereie vaklande Samhandlingsreform. Denne skal innførast til nyttår, men ingen veit kor dyrt det vert for kommunane, seier rådmann i Vanylven, Gudmund Sandnes. Foto: Karl-Petter Løvoll.
Prioritering. – Skal vi ta imot Mork-pasientar, fryktar eg vi må nedprioritere pasientane vi allereie har, seier helse-kommunalsjef i Ulstein, Marit Botnen. Foto: Inger Otterlei

På forsiden nå

Smak av gamle dager

Aktivitetsdag for rundt 200 små og store, ved Sunnmøre Museum, onsdag 22. februar. Se bildeserie

- Til Viking

Bjørn Helge Riise vil hjem til Norge når kontrakten med Fulham går ut. Ifølge TV2 har han inngått en muntlig avtale med Viking. Les mer

Smittsom sjukdom hos moskus

Fem moskuskalver på Dovrefjell avlivet på grunn av munnskurv. Sjukdommen kan smitte til mennesker. Les mer

Nattestengt på fv 63 Eidsdal - Geiranger

Fra klokka 19, onsdag, på grunn av rasfare. Les mer

Kollisjon stengte Måndalstunnelen

To menn lettere skadd. Tunnelen stengt fra rundt klokka 16.15, onsdag og i rundt halvanna time. Les mer