Luftetur for "Nordlys"

Etter veker i tørrdokk på Fiskerstrand Verft var hurtigruta «Nordlys» på luftetur fredag.

Etter den omfattende brannen på «Nordlys» har hurtigruta siste vekene lege i tørrdokk på Fiskerstrand Verft.

- Vi har gjort mykje arbeid på båten. No er den så tett at vi kunne ta den ut av dokk, fortel direktør Rolf Fiskerstrand.

Og i den forbindelse fekk båten ein liten luftetur.

- Den låg ei stund ved kai hos Tranvåg, men fredag kveld kveld slepte vi «Nordlys» tilbake til vår eiga kai, fortel Fiskerstrand.

Når det gjelder anbodet for reperasjon på båten er det ikkje klart.

- Dette er eit arbeid forsikringsselskap og reiarlag er godt i gang med. Vi reknar med at anbodspapira kjem med det første. Inntil det vert avgjort kven som skal utføre det arbeidet blir nok «Nordlys» liggande hos oss, seier Rolf Fiskerstrand.

At Fiskerstrand Verft er eit av dei verfta som vil melde seg på i kampen om oppdraget er heilt sikkert.

- Vi vil nok rekne på dette. Om vi får jobben, ja det er ei anna sak, seier Fiskerstrand.

Mer å lese på Sunnmørsposten:
 
Leses nå
 

Forsiden nå:

Fengsel i 45 dager for flere lovbrudd

Kjørte ned syklist i Borgundvegen – uten gyldig førerkort

Mann i 20-årene dømt for flere brudd på vegtrafikkloven, fire brudd på legemiddelloven, to voldstilfeller og ett mindre tjuveri.