Oppvask etter slam-kontrakt

Miljøservice i Stryn meiner at dei tapte eit tilbod på slamtøming på feil grunnlag.
Mobil: 90201234
Publisert: 23.02.2012 kl. 10:01
Endret: 23.02.2012 kl. 10:01

Selskapet har no innklaga Søre Sunnmøre Reinhaldsverk (SSR) til Klagenemnda for offentlege anskaffingar (KOFA).

– Vi sit no og vurderer kva vi skal gjere med klagen, seier dagleg leiar Einar Heimdal i SSR.

Les fleire nyheiter fra søre Sunnmøre på smp.no

Han opplyser at det var snakk om ein seksårig avtale om slamtøming for kommunane Sande, Herøy, Ulstein og Hareid.

– Det er ein stor kontrakt til fleire millionar kroner, seier han.

Kontrakten gjekk til Herøy-firmaet Moldskred Renovasjon.

Miljøservice har på sin side hyrt inn Oslo-advokat Svein Håland til å føre saka for seg.

– Eg kan berre stadfeste at eg har levert klage til KOFO på vegner av klienten, seier Håland.

Heller ikkje dagleg leiar Malvin Sandbakk i Miljøservice vil seie så mykje.

– Men det er første gongen vi har klaga til KOFA. Det seier vel litt om korleis vi ser på dette.

Ulovleg

I klagen vert det hevda at SSR brukte ulovleg tildelingskriterium når Moldskred Renovasjon fekk kontrakten. Det vert også hevda at SSR har gjort ei rekkje feil ved tildelingsevalueringa.

Miljøservice hadde slamtømminga i regionen for ein del år tilbake, og satsa no stort på å kome tilbake.

Kontrakten gjeld slamtømming frå hushaldningar, fritidsbustader og kommunale anlegg.

Miljøservice i Stryn meiner at firmaet tapte ein stor kontrakt på grunn av feil ved tilbydar SSR.
Dagleg leiar Einar Heimdal i SSR må svare på kvifor selskapet vraka Miljøservice i Stryn til kontrakten om slamtøming.

På forsiden nå

Festdag i Ulstein

Feira at Ulstein er Norges mest attraktive stad. Les mer

Her rives Møller-fasaden

Tonnevis av betong på veg ned fra veggene til det gamle kjøpesenteret. Les mer og se video 1 kommentarer

- Ville skåne familie og venner

Kjetil Rekdal snakker ut om mediepausen. Se videointervju

Solskjær: - Jeg er ferdig med saken

Molde-manageren mener klubben kan komme styrket ut av bråket. Les mer

- Bruker for mye tid på Nordøyvegen

- Et halvt år med saksbehandling koster 50-60 millioner kroner. Les mer