Makrellkrigar vil kjempe om silda

Fiskeriminister Jacob Vestergaard på Færøyane føler han har heile nasjonen bak seg i makrellstriden med Norge og EU. Og han signaliserer at det neste kan bli sildekrig.

På Færøyane har makrell gått frå å vere ein fisk som knapt vart brukt til agn til å vere på øvste nasjonale dagsorden.

I fjor fiska det sjølvstyrte øysamfunnet makrell for 1,1 milliardar kroner – det vil seie 20 prosent av eksportinntektene. At Norge og EU har stempla fisket som uansvarleg og truar med tøffe sanksjonar, legg ingen stor dempar på makrellfesten.

– Vi verken kan eller vil la oss true. For oss er dette ei svært viktig nasjonal sak. Vi byggjer eksistensen vår på fisk. Og vi fiskar ein ressurs vi har rett til å fiske, seier fiskeriminister Jacob Vestergaard til Sunnmørsposten.

Den konservative politikaren er ein av arkitektane bak den aggressive linja i fiskeripolitikken, der Færøyane har femdobla si makrellkvote utanfor internasjonale avtaler.

– Har Færøyane lært av Island?

– Vi har lært av eigne feil. Vi har lenge vore flinkaste eleven i klassen. Vi ligg midt i Atlantarhavet - midt i ressursfatet. Men har vore for svake og medgjerlege, og ikkje hevda vår rett tidlegare, seier Vestergaard.

Les også: Klar for færøysk oljeeventyr



Lensmann

Fiskeriministeren har bakgrunn som lensmann på Sudurøy – Færøyane sin sørlege utkant. Her vaks han opp i eit lite fiskerisamfunn. For mange på Færøyane er makrellfiske noko nytt – men ikkje for fiskeriministeren.

– Eg har fiska makrell og ete makrell sidan eg var ein liten gut. Men det er ingen tradisjon for å fiske makrell på Færøyane, så difor har ein ikkje visst kor store mengde her eigentleg var, seier han.

Kor mykje makrell som historisk har vore rundt Færøyane er eit kjernepunkt i forhandlingane mellom statane som prøver å bli samde om å fordele makrellen. At det har vore mykje makrell dei siste to-tre åra, er det ikkje tvil om. Brotfisket starta i 2010 då færøyiske fiskarar tok 80.000 tonn. I fjor vart det nesten dobbelt så mykje, og det har skapt mange nyrike makrellmillionærar på øygruppa.

Les også: Strid om makrell



Romsleg

Også i år har Færøyane innvilga seg sjølve ei romsleg kvote – 158.000 tonn – det vil seie makrell verdt opp imot 1,5 milliardar kroner om prisen held seg oppe. Resultatet er at det internasjonale havforskingsrådet sine tilrådde kvotar garantert vert overfiska.

– Kan dette kallast anna enn uansvarleg?

– Vi ler av EU når dei snakkar om ansvarlegheit. EU-fiskeriet har aldri vore ansvarleg. Vi fiskar makrellen kraftig, men bestanden er nok rimeleg stabil likevel.

– Vi håper sjølvsagt på ein avtale på sikt, men vi reagerer på haldninga til EU og Norge, som går ut på at ein sit og eig makrellen og allernådigast skal gi oss og Island nokre prosent.



Biologiske argument

Færøyiske havforskarar jobbar på spreng for å dokumentere kor lenge makrellen er i færøyisk farvatn. I internasjonale fiskeriforhandlingar handlar mykje om å leggje fram denne typen dokumentasjon.

– Når makrellen kjem hit er feittinnhaldet nede på to prosent. Når makrellen forlet færøyisk område er feittinnhaldet 28-30 prosent. Så vi leverer mykje fôr til makrellen. Vi har også påvist at makrell gyt i vårt område. Så vi har sterke biologiske argument, seier fiskeriministeren.

Og, legg han til, dersom Færøyane ikkje når fram med denne argumentasjonen, så er det andre metodar.

– Dersom vi må fiske i ti år utan avtale for å dokumentere fangsttala, så gjer vi det. Men eg håper at vi slepp, seier han.

Norge og EU har prøvd å straffe Færøyane ved å utestenge færøyiske fiskarar frå deira havområde, samt å nekte færyiske fartøy å levere fisk i Norge og EU. Men dette er ikkje noko straff som svir.

– Tradisjonelt har vi ikkje hatt landindustri, fordi våre fiskarar har levert til anlegg i Norge, Danmark og Shetland. No byrjar vi å sjå at vi kan klare oss sjølve, og er i ferd med å byggje opp landindustri. Dette er også positivt for kolmule og sildefiskeria.

Les flere næringslivsnyheter på smp.no







Boikott

– Det har vore snakk om eksportboikott. Fryktar du det?

– EU opptrer normalt som ein rettsstat som overheld internasjonale avtalar, lover og forpliktingar, og eg håper dei vil gjere det i denne saka også. Dersom ein tilsideset internasjonale spelereglar for å setje ein svært liten aktør på plass, så vil det vere imperialisme. Hugs at for kvar færing er det 10.000 EU-borgarar. Vi er heilt avhengige av fiskeri og det må takast omsyn til, seier fiskeriministeren.

Det vesle øylandet er lite sjølv samanlikna med Island, men yppar seg mot fiskeristormaktene Norge og EU. Fleire fiskebåtreiarar har tatt til orde for å presse fram auka del av sildekvoten i Atlanterhavet. Og det er ikkje fiskeriminister Vestergård framand for.

– Vert sildekrig det neste?

– Vår linje i makrellstriden var omdiskutert i starten, men no opplever vi brei støtte. Vi veit at vi har retten på vår side, og dette er eit spørsmål om å krevje vår rett. På sikt er dette ei sak som kan flyttast over på andre fiskebestandar. Makrellsaka handlar om at vi vil sementere vår rett til å bruke ressursane som Færøyane har. Derfor er det viktig også i forhold til andre fiskeri at vi held stand og ikkje mister vår rett.

Mer å lese på Sunnmørsposten:
 

Vi veit at vi har retten på vår side

Jacob Vestergaard
Leses nå
 

Forsiden nå:

Tunnelene åpnes i romjula

Tunnelarbeidene stanses i jula. Her er detaljert informasjon:

Sendt heim etter knivtrugslar

Ein mann i 40-åra vart i helga sendt heim til Polen, etter å ha truga med kniv på ein av brakkeriggane ved Kleven Verft.

MAROFF fordeler 152,8 millioner til bedrifter:

Millioner til maritime bedrifter

Forskningsrådet har fordelt 152,8 millioner kroner til 19 innovasjonsprosjekter i næringslivet for maritimt sektor (MAROFF). Sju av dem i Møre og Romsdal.

Byggjer ny ferjekai i Volda:

Sikrar ferjedrift og nattesøvn i byggeperiode

Til våren startar arbeidet med ny ferjekai i Volda. Ferja skal gå som normalt i byggeperioden, og arbeidet med påling vil berre skje på dagtid.