Spor av levd liv og skjøre minne

Folketomme campingvogner, høghus, søppel og gravplass. Alt fanga inn i fotografi og installasjon som fortel historier om død og levd liv.

SAKRALT. Med installasjon av Jesus-statue, tende gravlys, foto av kolumbarium (nisje til urner i gravkammer) i Praha og video frå den jødiske gravplassen i Wien, inviterer Geir M. Brungot til ei stille stund i kunstforeninga. Foto: Morten Hjertø 

Alt eg lagar har mange tolkingar

Geir M. Brungot

FERIEHUS. Med sin fotoserie av campingvogner, opnar fotokunstnaren for at publikum kan resirkulere eigne ferieminne. 

Nyheter

– Alt her handlar om hus, død og søppel, men utstillinga har dualisme i seg. Alt eg lagar har mange tolkingar, og opnar opp for at publikum fritt skal gjere sine eigne assosiasjonar.

Geir M. Brungot slår ut med armane mellom Jesus-statue og tende gravlykter i sal 2 i Aalesunds kunstforeining. I dag opnar fotokunstnaren, som fyller 50 år i august, utstillinga «Skjøre minner resirkulert».

Delar av året bur sykkylvingen i Praha, og det ber utstillinga preg av. Installasjonen «Smrt», som tyder død på slovakisk, utgjer eine delen av utstillinga. I hovudsalen presenterer han fotoseriane «Campingvogner», «Inside out» og «Look Up», som viser 48 campingvogner på Jomfruland, søppel frå ein open plass i Praha, og tsjekkiske høghus fotografert nedanfrå og opp.

Søppel og campingvognbilda utgjorde utstillinga «Skjøre minner resirkulert», som vart vist på ei utstilling i Praha i fjor. No inngår dei i 50-årsutstillinga hans.

Les flere kulturnyheter på smp.no

Gravplass

Installasjonen «Smrt» derimot blir vist for første gang i kunstforeininga.

– Eg veit ikkje heilt kva den betyr, det får det bli opp til folk å finne ut. Men då eg fann Jesus-statuen såg eg heile installasjonen for meg, fortel Geir M. Brungot.

I tillegg til Jesus-statuen er installasjonen sett saman av åtte, farga gravlykter, alt kjøpt i Slovakia.

På veggene heng fotografi Brungot har tatt av kolumbarium på ein kyrkjegard i Praha. Dei viser nisjar med urner, der slektningar heidrar sin døde med foto, lys og blomster.

– Eg har ikkje fotografert dei finaste og mest velhaldne, men heller dei ustelte og øydelagde, fortel fotokunstnaren.

På ein av veggene viser han ein video av eit opptak han gjorde på den gamle jødiske gravplassen i Wien. Til sakral musikk av Terje Rypdal, får vi sjå ein øydelagd overgrodd gravplass med mange knuste og velta steinar. Alt til lyden av fly over gravplassen og Brungots eigen pust medan han filmar.

– Kva vil du formidle med denne installasjonen?

– Kanskje noko om det forgjengelege, at vi alle er her på jorda ei stund, døyr, blir hugsa ei tid og så er vi gløymde, seier Geir M. Brungot.

Han er heller ikkje heilt sikker på kva han vil fortelje med videoen frå den jødiske kyrkjegarden.

– Dei øydelagde gravsteinane og flyduren vil kanskje får fram tankar om Hitler og flyangrep. Andre vil kanskje oppleve den gamle kyrkjegraden som romantisk. Kva veit eg? Tolkingane er mange, seier kunstnaren.

Håp i sikte

Når det gjeld fotoseriane i hovudsalen er dei tematisk heller ikkje av det muntraste slaget. Her går det i triste hus og død.

– Søppelbilda viser på ein måte vrengde hus, og alt folk omgir seg med før det blir dumpa. Det er grått og trist vêr rundt dei folketomme campingvognene, og det er sikkert ikkje særleg kjekt å bu i høghusa, ramsar Brungot opp.

Men han vil ikkje ha på seg at det er ei trist utstilling han inviterer til.

– Her er sjølvsagt håp og. Alle bilda mine kan tolkast både positivt og negativt. Det er dette doble eg er ute etter.

– Korleis er det å runde 50 år?

– Trist, seier fotokunstnaren og ler høgt.

– Eg merkar det kroppslege forfallet, og reint kunstnarisk er det ikkje like lett å lage ting eg er nøgd med. Folk her til lands ser ikkje på fotografi som ekte kunst. Men no merkar eg at interessa for fotografi er stigande. Det er bra, og gir grunn til optimisme.

Hva skjer? Sjekk kulturkalenderen på smp.no