Møreaksen gull verd

Møreaksen som kan knyte saman Molde og Ålesund er det mest lønsame vegprosjektet i Møre og Romsdal.

Sjå korleis Hafast over Sulafjorden kan byggjast i tysdagens papirutgåve

Forklaringa på dette er at vegsambandet samlar dei to største arbeidsmarknadene i Møre og Romsdal, sa professor Victor D. Normann på eit møte i Ålesund måndag.

Han og andre ved Norges Handelshøgskule har rekna ut at gevinsten for dette er 835 millionar kroner i året. Det kjem i tillegg til innsparinga med kortare reisetid.

Det er Møreaksen som kan gjere Møre og Romsdal meir konkurransedyktig til å trekke til seg flinke folk. Dersom ålesundsområdet i tillegg vert knytt til søre Sunnmøre med bru over Sulafjorden er innteninga 300 millionar kroner i tilegg i året. Bru over Storfjorden eller Fefast gjev 260 ekstra forteneste.

Følg smp.no på Facebook

Lettare å pendle

Professoren har vurdert fordelen med betre samferdsle. Det gjer det lettare for fleire å pendle inn til eit sentrum og tene meir.

Både dei i sentrum og dei i utkantane tener på større pendlarregionar, men få vil pendle meir enn 45 minutt kvar veg.

Reisetida er for lang mellom søre Sunnmøre og Ålesund, men forholdsvis mange reiser her kvar dag. Både i ålesundsområdet og på søre Sunnmøre er det integrerte arbeidsmarknader.

Det er nesten ingen som pendlar mellom Romsdal og nordre Sunnmøre.

– Kvivsvegen kjem til å skape pendling inn til Volda og Ørsta, men den hjelper ikkje til med å skape ein felles arbeidsmarknad på Sunnmøre, meinte professoren som påpeika at Nordfjord er ganske fragmentert.

Ålesund og Molde vert integrert

Men ved å byggje Møreaksen får ein ei fullstendig intergrering mellom Ålesund og Molde, og spesielt dei store bygdene mellom byane tener på dette sambandet. Victor D.Normann hadde trent ei stund på å fortelje at Skodje med dette vert liggjande midt i eit område med mange arbeidsplassar.

Når vegane og bruene er bygde tek det minst 15-20 år før folk flest har teke konsekvensen av at det er så mykje snøggare å reise.

Folk flest å bygdene og i storbyane kjenner berre 150 menneske kvar, men fordi det bur så mange fleire i byane er der mange overlappande nettverk. Der spreier kunnskap seg så fort. Møreaksjen kan skape ei kunnskapskjede mellom Ålesund og Molde.

Sjå korleis Hafast over Sulafjorden kan byggjast i tysdagens papirutgåve

Mer å lese på Sunnmørsposten:
 
Leses nå
 

Forsiden nå:

Leserinnlegg

«Det var ikke overgrepet som var jævligst. Det var tiden etterpå. Dagene etterpå var ekstremt slitsomme, og jeg husker nesten ingenting»

Jeg satt på bussen fra Molde, og tok en uformell og lett avgjørelse med å skrive et innlegg. Om hvorfor det er utrolig vanskelig å komme ut med «seksuelt overgrepsoffer» skrevet i panna, og fortelle sin #metoo-historie.

Ikea bekrefter Ålesund-planer

Men de sier ikke mer om når eller hva de skal bygge på Moa.