(Foto: Knut Arne Aarset)

Foto: Knut Arne Aarset

Undervassglidefly frå Runde

Forskingsrådet har finansiert innkjøpt av seks undervassglidefly som både næringsliv og vitskapsmiljø i Norge kan leige. Flya vert styrt frå Runde Miljøsenter.

Les meir om denne saka i Sunnmørsposten sin papirutgåve tysdag

I samarbeid med Geofysisk institutt ved Universitetet i Bergen har Runde Miljøsenter alt sett ut ein slik undervassfarkost som skal samle inn miljødata frå Norskehavet.

Farkosten er no mellom Noreg og Færøyane. Den dykkar ned til 1000 meter, er oppe cirka kvar 7. time og sender målingane sine til satellitt.

Følg smp.no på Facebook

Gjer jobben til forskingsskip

Runde Miljøsenter har ansvaret for å styre glideren. Det blir gjort via internett frå Runde.

Undervassflyet er ein sjølvstendig undervassfartøy som skal samle inn data om tilstanden i havet. Tradisjonelt har forskingsskip vore nytta til dette arbeidet, men dette er svært dyrt.

Glideren kan gå ute på eiga hand i opp til åtte månader i gongen og ta prøver kontinuerleg.

Ulike føremål

Glideren kan hente mykje slags informasjon frå havet. Standard er instrument for måling av salt, temperatur og oksygen, og indirekte straum.

Desse målingane er viktige både for vêrvarsling, klimaforsking, fiskeriforvaltning og havforsking generelt.

Glideren kan òg bli utstyrt med instrument for å måle klorofyll, og dermed mengda planteplankton, næringssalt, ulike kjemikaliar, radioaktivitet, partiklar som oljedråpar frå eit utslepp, aktiv sonar for å finne krill, småfisk eller ubåtar, og akustiske hydrofonar for å lytte etter for eksempel sjøpattedyr, ubåtar, skipstrafikk, fiskestimar - eller til å kommunisere med andre instrument.

Forsking og offshore

Ved Runde miljøsenter seier dei at gliderar kan utviklast til å bli brukt i mange ulike overvakingssamanhengar og vil truleg bli tatt i bruk innanfor mange ulike felt både innan forsking og offshoreverksemd.

Les flere næringslivsnyheter på smp.no

Runde Miljøsenter arbeider aktivt med å utvikle fleire bruksområder og samarbeider med Universitetet i Bergen, Nansensenteret i Bergen, Bjerknessenteret i Bergen, Havila Shipping og Norwegian Centre of Expertise Maritime i Ålesund.

Her kan du sjå korleis flyet «jobbar» (ekstern lenke)

Mer å lese på Sunnmørsposten:
 
Leses nå
 

Forsiden nå:

MAROFF fordeler 152,8 millioner til bedrifter:

Millioner til maritime bedrifter

Forskningsrådet har fordelt 152,8 millioner kroner til 19 innovasjonsprosjekter i næringslivet for maritimt sektor (MAROFF). Sju av dem i Møre og Romsdal.

Byggjer ny ferjekai i Volda:

Sikrar ferjedrift og nattesøvn i byggeperiode

Til våren startar arbeidet med ny ferjekai i Volda. Ferja skal gå som normalt i byggeperioden, og arbeidet med påling vil berre skje på dagtid.

Her ble det bom stopp

Lastebil kjørte seg fast under gangbro

Alan Walker til Jugendfest

Alan Walker er klar for Jugendfest til sommeren, meler Momentium.