Sjekk den luren

Norges beste raut til verdens største horn på Flø.

Verdas største mobile horn er på plass på «Go with the Flø», og framførar Magne Furuholmen har i den anledning funne noregs beste raut.

- Eg har sett etter den flinkaste kua i Noreg til å syngje, og det er ingen tvil om at den er å finne på Flø, seier Magne Furuholmen.

Søndag opnast «Go with the Flø” med verdas største mobile horn, kalt Desibel. Verket som skal framførast er komponert av Magne Furuholmen, og er basert på lydopptak frå det lokale skipsverftet Kleven Verft og lydar frå Flø-bygda.

Ei overrasking

- Å trene ei ku på å syngje er ikkje så ulikt som å trene eit vanleg kor, seier han og ler.

Han vil holde det hemmeleg nøyaktig korleis verket skal framførast og korleis det vil høyrest ut.

- Det skal være ei overrasking, seier han.

Eksperimentelt

Med denne unike opninga, håper han ikkje berre på mykje oppmerksomheit rundt hornet, men også at folk får det «kjekt» - som han meiner bør bli det nye leiarmottoet.

- Alt er spesielt på Flø. Bygda har blitt senter for eksperimentell atferd. Eg vil påstå dette er den mest tolerante bygda i Noreg. Når vi kjørte inn hornet, stod lokalbefolkninga og vinka og smilte.

Han har vore her sidan fredag for å hjelpe til med førebuingane til festivalen.

Må ha litt volum

Furuholmen meiner at å få inn verdas største mobile horn til festivalen blei naturlig når dei laga årets program.

- Musikkstjernelivet må ha litt volum, seier han.

- Hornet blei laga av ein kar som heiter Geir, som bor ikkje så langt unna her. Så var det i Bergen, og no har hornet komme tilbake til heimtraktene, seier Furuholmen.

Les fleire kulturnyheiter på smp.no

Mer å lese på Sunnmørsposten:
 
(Foto: Studio Hugo Opdal)

Foto: Studio Hugo Opdal

Leses nå
 

Forsiden nå:

Tidligere Brattvåg-spiller i problemer

Får ikke lønn - anmelder sin egen klubb

22-årige Thomas Aarsund fra Brattvåg skulle spille for 3. divisjonsklubben Lysekloster i år, men det har utviklet seg til et lite mareritt.

KRONIKK