Følg smp.no på Facebook

Inntektene frå salet vert gitt til tv-aksjonen som i år gjekk til Amnesty International.

Fosnavåg-bedrifta måtte punge ut 55.000 kroner for bilen til dei populære rapparane, og i tillegg betalar Toyota Norge tilsvarande sum for den slitne 97-modellen.

Dagleg leiar Roger Kaldhol i Sevi seier til lokalavisa at dei har stor sans for artistane - og at han håpar salet kan gje Amnesty meir merksemd mellom ungdommar - ettersom mange unge høyrer på Karpe Diem.

Les fleire nyheiter frå Søre Sunnmøre og Nordfjord på smp.no

Dei har ikkje bestemt seg for kva dei skal gjere med bilen:

– Vi driv jo med elektro, automasjon og maritim elektronikk. Så vi kan ikkje sjå bort frå at vi finn på noko moro med denne bilen, seier Kaldhol.

PS ! Karpe Diem er aktuelle med fleire konsertar på Nordvestlandet dei neste vekene. Dei kjem til Rokken i Volda 27. oktober og spelar på Kompagniet i Molde 10. november.

Severin Gjerde og Roger Kaldhol (t.v.) i Sevi held til i Fosnavåg. Foto: Kjetil Haanes