Det seier Steinar Nordang (70). Laurdag kveld samla dyrevernorganisasjonen NOAH 150 demonstrantar mot pelsoppdrett i eit fakkeltog i Ålesund sentrum.

Sjå også: Pelsfruer er huleboere

Sp-plage

Kritikken mot pelsdyrnæringa var hard:  – Så lenge Senterpartiet har makta over Landbruksdepartementet, vil den uetiske pelsnæringa halde fram, sa NOAH-leiar Siri Martinsen til Sunnmørsposten.

– Opinionen er sterkt imot pelsoppdrett. Motebransjen boikottar næringa, og Den norske veterinærforening vil avvikle næringa. Politikarane går på tvers av opinionen, og så lenge Sp styrer landbrukspolitikken, skjer det ingenting, sa ho.

Holebuarar

Ei av arrangørane bak fakkeltoget i Ålesund, Ann Catrin Molnes, meiner det er svært primitivt å gå i pels i 2012: – Fine fruer som går rundt i pels er i realiteten like primitive som holebuarar.

Ho har lita tru på pelsoppdrettarane sin etikk i høve til dyra: – Pelsoppdrettarar har til og med uttalt at rev og mink ikkje kan føle smerte, seier Molnes.

– For ein vanvittig påstand, sukkar Nordang.

Umoralske dyrevernarar

Nordang, som skaffa seg sin første rev då han var sju år gammal, har vore leiar i Sunnmøre Pelsdyralslag og Senterparti-politikar, og meiner det er dyrevernoganiasjonane og media som er minst etiske.

– Skrekkbilda vi har sett i haust frå pelsfarmar er døme på personlege tragediar hos pelsdyroppdrettarar. Det vert som å ta bilde i sauefjøsen til ein bonde det har gått over styr for, og hevde at alle sauebønder driv på denne måten, seier Nordang.

Dårleg realitetssans

– Kva meiner du med plastikkmenneske?

– Personar som gjerne har vakse opp i byane, ikkje har vakse opp med dyr eller har peiling på dyrehald, men som likevel har svært sterke meiningar om ting dei ikkje har greie på, seier Nordang.

– Pelsoppdrett er ikkje meir eller mindre etisk enn noko anna dyrehald, og rev og mink har det ikkje verre enn andre dyr i fangenskap. Men vi er ei lita næring, og dermed lette å angripe, seier Nordang.

– Dyrevernorganisasjonane angreip fjørfenæringa for nokre år sidan, men brakk ryggen på det. Dei var for store. Vi er eit lettare bytte, seier Nordang.

Han er svært kritisk til måten dyrevernaktivistar har opptrådt på, blant anna sleppt dyra fri, dyr som ikkje har mulegheit til å klare seg ute i naturen.

– Eg har også fått rapportar om at framande dyr har vore «planta» i bura, og dermed angripne, hevdar Nordang.

All time high

Han avviser Martinsen sin påstand om at motebransjen har vendt næringa ryggen.

– Kvifor opplever vi då «all time high» når det gjeld prisar? Alle motehus vil ha pels. Og dei som har noko å tenkje med, vil forstå at godt stell og dyrehald er ein føresetnad for å oppnå fin pels og gode prisar, seier Nordang.

Sp-kritisk. Siri Martinsen er leder i NOAH, organisasjonen for dyrs rettigheter, meiner at så lenge Sp styrer landbruksdepartementet er det lite håp om avvikling av pelsdyrnæringa. Pressefoto