Bedrifta i Ørsta leverer utstyr til fabrikkane på trålarane, og merkar godt kva som er gjeldande trend. Fjoråret vart eit rekordår for Bjørdal Industrier takka vere mange oppdrag med å installere utstyr for produksjon av sløyd og hovudkappa fisk (H/G) – som vert frosen om bord.

Styreleiar Bjørn Meek i Bjørdal Industrier har følgt fabrikkskipsnæringa tett i mange år. Han undrar seg over utviklinga.

– Skal du få forbrukarane til å ete fisk må det vere kvalitet. Og det blir ikkje kvalitet av å fryse fisken, så tine den igjen - og så fryse den ein gong til, seier Meek.

For det er det som skjer med H/G-fisken som vert sendt til Kina.

No er det berre fire fabrikktrålarar att i Norge som driv produksjon av sjøfrosen filet – og den eine av dei, «Langvin», er til sals.

Les også: Trålaleksport til Russland

Russland

I staden har mange av dei brukte norske fabrikktrålarane hamna i Russland.

– Russarane har vore flinke til å utnytte ressursane. Og dei tar vare på både lever, rogn og andre biprodukt om bord, seier Bjørn Meek.

I Bjørdal Industrier sin fabrikkhall i Hovdebygda står nytt utstyr klart til å bli montert i «Karelia II». Den russiske fabrikktrålaren har ei fortid i Norge under namnet «Hopen».

– Vi har levert filetfabrikkar til Russland sidan 90-talet, seier Bjørn Meek.

Han fortel om den gamle Vartdalsbåten «Varegg» som først vart bygd om til rundfrystrålar, og deretter seld til Russland.

– No vert denne båten bygd om på nytt slik at den kan drive filetproduksjon også, seier Bjørn Meek.

Comeback?

Kanskje svingar pendelen andre vegen i Norge også snart? Bjørn Meek håper på ein renessanse for norske fabrikktrålarar. Han viser til den nye autolinebåten «Frøyanes» som har satsa på ombordproduksjon av konsumferdig filet.

– Det kan vere at dei har treft marknaden godt. Og sjå kva som skjer med prisen på H/G-fisk. Den har falle med fem kroner sidan i sommar, seier Bjørn Meek.

Til utlandet

Etter det travle fjoråret vert det tilbakegang i omsetnaden for Bjørdal Industrier i år. Mange av kontraktane for norske redarar har hamna i utlandet.

– Det har alltid vore bølgjedalar i denne næringa. Men eg håper at norske rederi veit å setje pris på at det framleis finst norske levarandørar, slik at dei kan få skikkeleg service og support når noko skjer. Det gjeld å ikkje tenkje for kortsiktig, seier Bjørn Meek ved Bjørdal Industrier i Ørsta.