Selskapet produserer og monterer lafta hus og hytter, og har nytta mange utanlandske arbeidarar. Politiet pågreip i dag tidleg også ein mann i 20-åra, og har sikta han for brot på arbeidsmiljølova, mva-lova og lova om sosial dumping. Det vart også gjort ulike beslag under aksjonen.

Les fleire nyheiter frå Indre Sunnmøre på smp.no

Minst ti tenestemenn frå desse tre etatane deltok i den koordinerte aksjonen, og som gjekk føre seg i bustaden til den sikta og ved ein monteringshall i Strandadalen.

- Mannen er sikta for brotpå arbeidsmiljølova, mva-lova og lova om sosial dumping. Det er også gjort ei rekkje beslag i saka, seier politiadvokat Unni Vikebakk Moen.

Mannen sit no fengsla i Ålesund.

- Han vil bli avhøyrt i morgon, men ikkje framstilt for varetekt, seier Vikebakk.

Ho fortel at aksjonen på Stranda var eit samarbeid mellom Skatteetaten, Arbeidstilsynet og økokrim-teamet på Sunnmøre.

- I tillegg fekk vi bistand av Stranda og Sykkylven lensmannskontor, seier Vikebakk.

Du kan lese meir om denne saka i Sunnmørsposten si papirutgåva onsdag.