Det var 43-årige Trond Inge Sævik frå Herøy som omkom om bord på fiskebåten Artus onsdag.

- Dei pårørande har gitt sitt samtykke til at namnet blir offentleggjort, seier politiet sin operasjonsleiar, John Kåre Flo.

Ulukka skjedde om lag klokka 13, under arbeid om bord. Båten låg i arbeid på fiskefeltet sør for Lindesnes.

Båten kjem inn til Egersund i løpet av onsdag kveld.

Kriseteam

- Der vil mannskapet verte tatt i mot av det kommunale kriseteamet i Egersund og av sjømannsprestetenesta som reiser frå Stavanger til Egersund for å ta seg av mannskapet på eit best mogeleg vis etter den tragiske ulykka, opplyser Magne Sævik, dagleg leiar for Brattholm Invest AS og eigar av fiskebåten.

Øvrig mannskap som ikkje var ombord er også informert om ulukka.

Sjøforklaring

- Vi trur det var ein klemskade, men veit ikkje det sikkert, seier Magne Sævik til smp.no onsdag kveld.

Politiet i Rogaland vil gjere tekniske og taktiske undersøkingar om bord.

Sjøforklaringa vil vere torsdag i Egersund.

Foto av Artus i samband med at båten vart døypt sommaren 2011. Pressefoto