Stordal kommune har landets mest effektive kommuneadministrasjon. Det viser ei undersøking Vista Analyse har gjort for NHO.

Men det er ikkje berre Stordal som kjem bra ut.

- Vi ser i mange samanhengar at kommunane i Møre og Romstdal er opptatt av økonomi, og av å utnytte marknaden, seier partnar i Vista, Hanne M. Toftdahl til Dagens Næringsliv.

Stordal kjem best ut. Giske er i undersøkinga nummer 9 i landet.

Vidare følgjer Eid (20), Ørskog (21), Skodje (32), Haram (34), Sykkylven (36), Ørsta (37), Volda (47), Herøy (54) og Stryn (65).

Kommunane er rangert etter effektiv forvaltning, ressursutnytting, bruk av marknaden og lokale skattar og gebyr. Stordal blir styrt av ein adminstrasjon på 14 tilsette. Kommunen med i overkant av 1000 innbyggjarar tar aktivt del i interkommunale samarbeid.

Til Dagens Næringsliv seier ordførar Charles Tøsse at interkommunale samarbeid har ein tendens til å leve sitt eige liv, og at kommunestyret har mist litt makt. Samtidig har han ikkje tru på kommunesamanslåing i overskueleg framtid.