Det var i juni 2008 den fatale feilen vart gjort. Under eit inngrep for å fjerne ein svulst i hovudet, viste det seg at peikaren til laserutstyret som vart brukt til inngrepet var feilinnstilt.

I ankesaka på utmålt erstatning som før jul i fjor var oppe i Søre Sunnmøre tingrett, vert det lagt til grunn at det oppstod eit avvik på 5-7 millimeter i peikaren som vart brukt til navigasjonsutstyr under inngrepet.

Følg smp.no på Facebook

70 prosent invalid

Laserkniven på avvegar førte umiddelbart til ein konkret hjerneskade hos pasienten. Denne førte til at mannen vart lam i høgre handa, har sterkt nedsett funksjon i høgre bein og noko nedsett synsevne. Skaden er klassifisert til medisinsk invaliditet på 70 prosent.

Den sterkt skadelidne pasienten, som før inngrepet var i fullt arbeid, vart i 2009 tilkjent pasientskadeerstatning i samsvar med invaliditetsgraden.

I  2010 fremja pasienten krav også om erstatning for framtidig inntektstap og utgifter på i overkant av åtte millionar kroner.

Norsk Pasientskadeerstatning (NPE) svarte med å tilkjenne om lag 5,5 millionar, og dekking av juridiske utgifter.

Les fleire nyheiter frå Søre Sunnmøre og Nordfjord på smp.no

– Fullstendig seier

Den skadelidne tok i mai 2012 ut stemning for Søre Sunnmøre tingrett, med krav om meirerstatning etter regelverket. I dommen som falt i slutten av desember, slår retten fast at mannen har vunne saka fullstendig.

I tillegg til ei spesifisert erstatning for ulike typer tap på 6,7 millionar kroner, er han også tilkjent ei meirerstatning på nær 1,3 millionar kroner.

På toppen av dette må NPE også dekkje sakskostnadene på nær 230.000 kroner. Sunnmørsposten var tysdag i kontakt med mannen i førtiåra. Han ynskjer ikkje å kommentere saka no, og viser til sin advokat for eventuelle framtidige spørsmål.

Fra operasjon ved St. Olavs Hospital i Trondheim. Det var her det fatale hjerneinngrepet gjorde ein sunnmøring varig ufør i juni 2008. Illustrasjonsbilde. Foto: Scanpix