Stansingvedtaket gjeld frå og med tysdag 22. januar, og bakgrunnen er at selskapet ikkje har etterkome pålegg om utleveringar av opplysningar om arbeids- og lønsvilkår for fleire utanlandske arbeidarar. Selskapet produserer og monterer lafta hus og hytter.

Etter eit umeld tilsyn hjå selskapet i fjor sommar, vedtok Arbeidstilsynet i september ei tvangsmulkt på 10.000 kroner per veke inntil tilsynet tok imot etterspurte opplysningar. Dette vedtaket er no oppheva og erstatta av stansingsvedtaket.

Aksjon

I byrjinga av desember gjennomførte også Politiet, Skatt Midt-Norge og Arbeidstilsynet ein felles aksjon mot selskapet.

Det vart gjort ei rekkje beslag i saka, og politiet sikta samstundes ein mann for brot på arbeidsmiljølova, mva-lova og lova om sosial dumping. Ifølgje politiadvokat Unni Vikebakk er saka enno ikkje ferdig etterforska.

Seniorinspektør Geir Gjærde i Arbeidstilsynet har tidlegare karakterisert forholda i Stranda Byggtjenester som alvorlege. Tilsynet har blant anna reagert på at det berre skal vere mellombels tilsette i eit selskap som skal ha hatt høg aktivitet, og at det er totalt fråvær på dokumentasjon på utbetalt løn.