Han kallar seg fosterteljar, Tor Erik Ertzaas frå Levanger. Siste vekene har han reist frå Ryfylke i sør og oppover heile Vestlandet. Her har han kontrollert tusenvis av drektige søyer, for å finne ut kor mange lam som er i vente utover våren.

– Det er høgare lammetal i år enn i fjor. Og då er det meir jobb på meg, oppsummerer Ertzaas som siste tida har vore i ei rekkje sauefjøsar i Nordfjord og på Sunnmøre.

Elektronisk

I sauefjøsen til Odd Bjarne Bjørdal er det ein stor saueflokk å halde styr på. 195 søyer skal skannast etter tur. Bjørdal har på førehand laga køsystem, slik at arbeidet skal vere effektivt. Sauene er elektronisk øyremerkte, og har eige «personnummer» med tolv siffer.

Sauebonden i Bjørdalen i Ørsta er ein av stadig fleire sauebønder som har teke i bruk ultralyd for å få vite kor mange lam som er i vente utover våren.

– Fleire lam vil leve opp når ein gjer dette, seier Ertzaas medan han sjekkar søyene i tur og orden.

Slakteriet neste

Bjørdal er ikkje i tvil om at arbeidet har fleire fordeler. Også økonomisk.

– Du kan fordele kostnaden på sauene rett, når du veit kor mange lam det er, slik at resultatet blir betre til slutt. Ein slepp å overfôre sauen, seier han.

Teljinga går unna, og Ertzaas kan melde om mange trillingfødslar utover våren. Men her er også søyer med fire, to og eitt lam. Ei og anna tom søye er også i flokken. Då er slakteriet neste.

– Vi kan luke ut tome dyr og sleppe meir kostnader på dei, seier Bjørdal.

Adopsjon

Ein annan fordel er å kunne legge til rette for adopsjon i sauefjøsen.

– Vi kan planlegge fosterlam. Viss vi veit at ein sau ventar berre eitt lam, kan vi ha klar ein trilling til adopsjon, seier Bjørdal som vedgår at dette ikkje er lett å få til. Uansett reknar han med ein del flaskelam utover våren.

Ultralyd på sau handlar i stor grad om å sjå kor mange foster som er i sauemagen. Ertzaas kan også sjå om noko gale, men brukar ikkje mykje tid på dette. Kva tid fødselen er venta, er heller ikkje noko det blir brukt tid på.

– Eg ser forskjell på storleik og kan seie termin, men det tek for lang tid, seier han.

Hjelper kvarandre

Stadig fleire sauebønder tek ultralyd på dyra sine. Sjølv om kvar skanning er fort gjort, er det litt av ein jobb å halde styr på dyra. Difor hjelper saueeigarane kvarandre, og i fjøsen til Bjørdal er også Palma Bjørdal, Kolbein Ryste og Elias Moe på plass. Når fleire er med, blir også sauene rolegare.

Palma Bjørdal har hittil ikkje valt å bruke tilbodet på eigne sauer.

– Eg har ikkje plass til å sortere sauene, så dei får kome med dei lamma dei kjem med, seier ho.

Mengdetrening

Ertzaas er sjølv kjøttfebonde. Ultralydscanning har han drive med i to-tre år. Han har lært kunsten med onkelen Børre Ertzaas.

– Onkelen min har drive i 13 år og er god. Eg er enno berre amatør, smiler han og legg til:

– Det er vanskeleg å bli god. Det handlar om mengdetrening. Og du må ha stålvilje, for jobben gjer vondt. Ein må presse hardt for å få eit bilde. For sauen er det derimot ikkje noko vondt.

Treffsikker

Erfaringa til bøndene i Ørsta er at det dei får vite på ultralyd, stemmer bra med det endelege resultatet.

– Viss han bommar, er det som regel at det er ein for lite, men han er rimeleg treffsikker, seier Kolbein Ryste som har fått vite at det er venta mykje trillingar og ein med firlingar utover våren.

Hjelp. Palma Bjørdal (t.h.) har fått sekretærjobben i sauefjøsen denne dagen. Også Elias Moe og Kolbein Ryste hjelper til.
Køsystem. Odd Bjarne Bjørdal har laga til køsystem for dei 195 sauene som skal skannast. Med ultralydapparat finn Tor Erik Ertzaas (t.h.) ut kor mange foster kvar enkelt søye har. Slik kan Bjørdal planlegge betre både fôring og fødslar.
ultralyd. For utrena auge er det vanskeleg å sjå kor mange lammefoster det er her, men Tor Erik Ertzaas har lært seg kunsten.