I helgas fylkesårsmøte hadde Venstre over 40 punkt på programposten. To av desse programpostane var nei til eggdonasjon og surrogati. Programpostane tek partiet med seg til landsmøtet på Fornebu 13.-14. april.

Det er den fysiske mor-til-barn relasjonen som er viktig å verne for partiet.

- Vi må også seie nei til eggdonasjon då den fysiske mor-til-barn relasjonen i ni månadar er eit grunnleggjande vern for barnet, og retten til å kjenne eige opphav. Eit opphav som må gå føre vaksne menneske sitt ønskje om å ha born, seier Andersen.

Fisk, 110-sentral og ferjefri E39

Under fylkesårsmøtet blei det vedtatt at Mork og Aure rehabiliteringssenter må bestå. Det er satt fokus på eit ferjefritt E39 og fokus på å verne om naudsentralane i fylka.

- I tillegg må barnehabiliteringstenesta sikrast og det må til med statleg vedlikehald på fylkesnettvegen, seier Andersen.

Det blei også vedtatt å verne om gytefelta på Mørefeltet.

- Fisk kjem før olje. Det er viktig å leggje til rette for naturvern samstundes som ein får utbyte frå oljeverdiane i landet, seier Andersen.