Kanskje så mange som 120 personar var til stades då fleire lokale politiske parti, lag og organisasjonar fyrte opp vardebål ved hamna i Volda laurdag ettermiddag.

Trompetfanfare av teknotrompetisten Geir Hjorthol, med improvisasjonar over «En ekte lofottorsk eg er», slo an tonen. Det var kona hans, Ingrid Opedal, som gjorde opptakta til vardebrenning også i Volda.

Aksjonen er nasjonal, og vart gjennomført langs heile kysten laurdag, mellom anna også i Ålesund og Ulsteinvik.

Thailykter til himmels

Appellar gjekk i tur og orden i rette med regjeringa og fleire sin aggressive oljeutvinningspolitikk også på dei mest sårbare oljefelta i Nord-Norge.

– Eg er svært godt nøgd med oppslutnaden, sa ein av appellantane, Ingrid Opedal til smp.no.

Sjølv om ikkje sjølve varden synt så vide ikring i solskinet, så viste ei handfull store thailykter desto betre att der dei sigla som stearinfyrte luftballongar mot himmelen.

Varde på Sukkertoppen

I Ålesund var det seremoni etter det hadde mørkna. Natur og Ungdom tente varde på Sukkertoppen.

Her var også lokalpolitikarar med på turen frå Hessa skule til toppen av fjellet. Totalt var omlag 20 personar med på markeringa.

I Ulsteinvik var eit par titals menneske møtt fram. Fylkesleiar Torgeir Vestre i Natur og Ungdom heldt apell.

Ein liten miljøgut varmar seg på vardebålet medan dei vaksne held appell. Foto: Knut Arne Aarset
I Volda slapp Jørund Fet opp thailykter mot oljeboring. Foto: Knut Arne Aarset
Også i Ulsteinvik blei lykter sendt til himmels. Foto: Annika Brandal
Natur og Ungdom tente varde på Sukkertoppen. Foto: Øyvind Nesdal Birkeland